Sjå bileta frå biennalen i Måren.
Biennalen gjekk av stabelen i helga i den vesle bygda utan vegsamband på nordsida av Sognefjorden.
Primus motor for kulturarrangementet, Ivar Orvedal, er svært godt nøgd med årets Mårenbiennale.
- Utruleg
- Det var heilt utruleg. Det mest overraskande var at det kom meir enn dobbelt så mykje publikum som vi venta, seier Orvedal.
Også det ustabile vêret ser Orvedal som eit gode.
- Vi har vêret med oss. Dramatikk - alltid noko nytt kvar time!