Hopp til innhold

Suksess for ultralokale aviser

Små ultralokale aviser er den nye medievinnaren. Mens dei større etablerte avisene går tilbake og trekkjer seg bort frå distrikta, har ei rekkje små og lokale aviser skote fram.

Marianne Furevikstrand

GIR UT TRE AVISER: Marianne Furevikstrand er både dagleg leiar, marknadssjef, journalist og grafikar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I Askvoll gir Marianne Furevikstrand ut tre ulike bygdeaviser. Og her er ingen nyheiter for små.

Marianne Furevikstrand

HEIMEKONTOR: Marianne Furevikstrand jobbar i eigen heim.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

På heimekontoret i Holmedal driv ho einmannsføretaket Bygdeavisene, og gir på eigahand ut tre ultralokale bygdeblad. Dei er vinnarane i ein avismarknad der dei store stadig taper terreng.

– Vi er glade i tilbakeflytting, nybygging av hus og vekst i bygdene.

– Så folk som flyttar vekk frå bygdene får ikkje omtale i avisene?

– Jo, har vi faktisk hatt med nokre utflyttarar. Men vi vil helst skrive om kva bygda har betydd for han, eller at han eigentleg vil flytte tilbake, ler ho.

Stor interesse i bygda

Marianne Furevikstrand trykkjer lokalaviser

TRYKKERI: Ho trykkjer avisene heime.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

32-åringen som tidlegare har jobba i ei større lokalavis, er både dagleg leiar, marknadssjef, journalist og grafikar. Ho trivst med dei mange rollene.

I tre år har ho gitt ut dei tre ultralokale bygdeblada. To for heimkommunen Askvoll, og eitt for kommunesenteret Dale i nabokommunen Fjaler.

I kjølvatnet av at området si store lokalavis Firda la ned sine lokalkontor og har blitt mindre nær i dekninga, opplever den unge avisgründeren stor interesse frå bygdefolket. Kvar avis blir trykt i eit opplag på 500 - 600.

– Vi lagar skikkelege saker på ting som ikkje er så viktige, men som vi tykkjer er viktige likevel.

Umettelege på lokale nyheiter

Medieforskar Sigurd Høst er ikkje overraska over at dei nye ultalokale avisene lykkast.

– Det vi veit utfrå avisutviklinga og lesarundersøkingar, er at folk er veldig opptekne av stoff frå sitt nærområde.

– Er vi umettelege på lokale nyheiter?

– Ja, eg trur nesten det.

– Har storavisene tabba seg ut ved å trekkje seg vekk?

– Dei har ei umogleg oppgåve i utgangspunket. Dei kan aldri skrive nok om ein liten kommune. Dersom dei kuttar ut lokalkontor, så skaper dei eit behov for aviser eller nettstader.

Suksess også andre stader

Samstundes som Furevikstrand har lykkast med sine bygdeaviser, har ei anna ultralokal avis sett dagens lys, litt lenger nord i Sogn og Fjordane. Geir Nybø har i to år drive Bremanger Budstikke som er ei vekeavis. Også det eit einmannsføretak.

– Det har gått omtrent som eg håpa. Vi klarte å få eit godkjent opplag i 2010 på 1285, seier han.

I Årdal held nettstaden Porten.no både årdøler og lærdøler oppdaterte på siste nytt.

Set pris på bygdeblada

Bygdeavisene - Lokalaviser i Askvoll og Fjaler

BYGDEAVISENE: Slik ser avisene ut - to er for Askvoll og ei for Dale i Fjaler.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tilbake i Askvoll er det ingen tvil om at folk på den lokale Coop-butikken set pris på bygdeavisa.

– Det et veldig kjekt. Det er moro å lese. Kjekt å få nyheiter frå bygda. Alle må abonnere, for dette er heilt topp, er nokre av tilbakemeldingane.

Marianne Furevikstrand seier at det er mange saker som kan vere gode for lokalavisene.

– Det er mykje forskjellig, som kven som har fått nye traktorar og at Bjørg fekk seg pass for første gong. Men vi har jo litt andre saker også i bygdeblada.