Hopp til innhold

Suksess for kystfestival

I helga vart Kalvåg Kystfestival avslutta. Festivalen vart halden for første gong, og gjekk frå 5. til 10. august. Ein sliten men lukkeleg koordinator, Svein Arild Vatsø, seier det var heilt fantastisk.

Publikum på Kalvåg Kystfestival

Publikum på D.D.E då dei spelte på Kalvåg Kystfestival

Foto: Vidar Furnes

- Vi hadde over 1350 solgte billettar på Vassendgutane på fredag, 300-400 på familieshow med Bjørn Jensen og 1500 på Green Granadas og DDE, seier han.

I tillegg til konsertar hadde dei små og store arrangement som havrafting og Norges lengste palleløp

Tidenes fest

- Vi er heilt mållause heile gjengen. Kalvåg og Bremanger har hatt tidenes fest. Vi har seld over 3000 billettar totalt. Vi hadde budsjettert med 1800 selde billettar for å gå i balanse, så vi ligg an til å gå i pluss, seier Vatsø.

- Vi har marknadsført oss godt, og det har vore ein avgjerande faktor. Vi tok ein sjanse med så store artistar på ein så liten plass. Men vi har hatt tilreisande heilt frå Bergen og Molde.

- Det har vore ein dundrande suksess på alle måtar.

Mykje arbeid

Men trass suksess er han usikker på om festivalen blir ei årleg hending.

- Kalvåg er eit lite lokalsamfunn, og det har vore mykje dugnadsinnsats frå folk som bur her. Så det kan gjerne ta på å arrangere eit slikt stort arrangement kvart år. Dessutan trur eg det er større sjans for suksess viss det er litt tid mellom kvart arrangement

- Kvifor trur du at dykk fekk så mange besøkande?

- Det har vore eit fantastisk vêr, med sol frå blå himmel. Folk har sola seg og bada.

- Dessutan trur eg at folk har sett av denne helga sidan det er den siste helga i sommarferien før hausten, skulane og jobben byrjar igjen. Så derfor trur eg det er ein viktig tid å ha ein slik festival på, seier festivalkoordinatoren.