Hopp til innhold

Suksess for klatrepark i Svelgen

SVELGEN (NRK): – Når ein bestemmer seg for å klare noko, er det utruleg kva ein får til, seier Linda Leirvik. Ho har med eigne midlar og dugnadsand bygd opp fylkets fyrste klatrepark.

På Nesbø i Bremanger har Linda Leirvik opna ein klatrepark. Over tusen born har vore her etter opninga.

Foto: Thomas Brakstad. Redigering: Thomas Brakstad/Kjersti Anderdal Bakken

– Det er absolutt verdt alle dugnadstimane og pengane når ein ser kor mange som kjem og korleis dei kosar seg, seier initiativtakar og parkleiar Linda Leirvik.

Med hjelm på hovudet og klatresele rundt livet, ser ho utover det som for eit år sidan var ein tettgrodd skog. No pryder treelement i ulike fasongar dei attståande furubuskane. Rundt dei kryr det av smilande ungar og vaksne.

Heile 1000 personar har teke turen til Mestringsgården i Svelgen sidan oppstart i juni.

Klatring i Meistringsparken

MEISTRINGSKJENSLE: Ho var spent i byrjinga, men etter kort tid er Amalie Kristin Østebø Gulestøl varm i trøya. - Dette var jo kjempekjekt!

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Klatrebølgje

Klatreparkar av ulik storleik har vakse fram i Noreg dei siste åra. Felles er eit mål om å få folk ut i naturen og gje dei ei oppleving utanom det vanlege.

No har også Sogn og Fjordane fått ein slik park. Frå tre til tre ikledd klatreutstyr skal folk nytte heile kroppen til å kome seg gjennom hindra.

Kjenner meistring

– Mestringsgården er fyrst og fremst ein klatrepark der born og unge skal få ei annleis utfordring. Eg vil dei skal kjenne på ei meistringskjensle. Ei slik: Yes, eg klarte noko!

Leirvik fortel engasjert om draumen som no har vorte ein realitet. I tjue år har ho drøymt om eit tilbod som kan gje folk ei slik kjensle.

Og ut frå ansiktsuttrykka til klatrarane å døme, er det mykje meistringskjensle å spore. Etter å ha forsert klatreløypene, spreier vide smil seg over andleta.

Full fart i Meistringsparken

I MÅL: Då ho kom til mål var Amalie Kristin Østebø Gulestøl så nøgd at ho gløymde å setje føtene under seg.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Let seg ikkje stoppe

Initiativtakaren har sjølv måtte forsere ei rekkje hinder på vegen frå draum til verkelegheit. Den største av dei var det økonomiske.

Då ho sette i gong med prosjektet, vart ei rekkje søknadar om økonomisk stønad sendt ut. Attende kom like mange avslag.

Men dette hindra ikkje Leirvik i å realisere prosjektet.

– Til no har eg brukt éin million av eigne pengar på dette prosjektet.

Og kor mykje tid har gått med?

– Eg har ikkje tal. All fritida mi!

Vil byggje meir

Sjeldan har den tronge vegen til Nesbø vore meir trafikkert. Parken som no set sine spor i bygda, haustar godord frå sambygdingane i Nesbø.

– Linda har ikkje bein i nasen; ho har stål og sement. Ho er langt meir enn ein eldsjel. No håpar eg ho får meir økonomisk stønad, seier Rigmor Hatledal.

Og meir trafikk skal det bli, håpar Leirvik. Draumen stoppar nemleg ikkje her. No ynskjer ho å byggje ut endå to løyper; ei for mindre born og ei tøffare løype for vaksne.

– Planane er klare, men eg må skaffe pengar. Men det skal eg klare!

Linda Leirvik
Mestringsgården klatrepark