Hopp til innhold

Suksess for innsamlingsaksjon

Innsamlingsaksjonen som Helge Hafsås starta til inntekt for Vågsøy kommune etter underskotet i Tall Ships Races går over all forventning.

Kronerulling for Tall Ships Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Hafsås hadde som mål å samle inn 50.000 kroner, og til no har dei fått inn 75.000 kroner.

- Vi i innsamlingskomiteen er veldig godt nøgd, men vi skal ha møte til veka og diskutere korleis vi kan utvide innsamlingsaksjonen for å få inn endå fleire pengar, seier eldsjela frå Vågsøy.

Kommunen gjekk med 13 millionar i underskot etter arrangementet.

Gratisarbeid

Bak innsamlinga står ein komité på fem personar som har kome tilfeldig saman gjennom initiativet frå Hafsås. Dei har på frivillig og gratis basis laga til giroar og brev som dei har putta i postkassene til privatpersonar i Vågsøy. Og interessa for å gi støtte har vore stor.

- Vi har fått inn pengar frå personar både i Oslo, Stavanger, Kristiansand, Førde, Sogndal og Eid. Og største enkeltbeløpet vi har fått inn er på 5000 kroner.

- Men eg trur vi har eit større potensiale. For mange sit på gjerdet og ventar på ei avklaring på korleis underskotet har oppstått. Om det har vore noko snusk.

Vil utvide aksjonen

Kronerulling for Tall Ships Races i Måløy.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Komiteen har ikkje fått delt ut giroar til alle husstandane i kommunen enda. Framleis står mellom anna Bryggja og Almenning att. Og dei vil også prøve seg utanfor kommunegrensene.

- Det var jo mange tilreisande som kanskje vil støtte. Dessutan lurar vi på å be bedrifter om å bidra, og å halde støttekonsertar.

Snu negativ trend

Hafsås presiserer at pengane som kjem inn går uavkorta til kommunen, og at dei no står på ein konto dei må vere to stykke for å ta ut pengar frå. Han håpar at dette kan vere med på å snu ei negativ trend.

- Eg håpar vi kan snu noko negativt til noko positivt. At vi kan få tilbake den gutsen vi hadde under arrangementet . Det er veldig trist det som har skjedd i etterkant. VI var inne i ei trend der folk ville flytte til kommunen, men med all den negative omtalen det siste har dei byrja å bli i tvil.