NRK Meny
Normal

Suksess for hundeklubb

Denne helga gjekk dobbeltstemnet i rallylydigheit av stabelen på Nes i Gaupne. Med 89 startarar og skinande sol vart det ein suksess for både arrangør Luster hundeklubb og deltakarane.

Gå til forsiden

Rallystemne Luster Hundeklubb

Marianne Aas

Rallystemne Luster Hundeklubb

16 bilder

    Dobbeltstemne i rallylydigheit var det fyrste av sitt slag hjå klubben, og det var ikkje småtteri dei heiv seg ut i når dei debuterte som stemnearrangørar.

    – Vi er litt i positivt sjokk over talet på påmelde, fortel Inger Handegård, leiar av arbeidsgruppa lydigheit og rallylydigheit til Luster hundeklubb.

    Leiar i klubben, Jane Nybø Torgersen, seier seg einig med Handegård.

    – Dette er heilt enormt, og mange fleire enn det vi hadde trudd.

    Tilreisande

    Med utsikt over Sognefjorden og Feigefossen, ligg området til Luster hundeklubb idyllisk til.

    – Eg trur vi har den flottaste bana i Noreg, seier Handegård.

    Dei fleste som starta på laurdagen, deltok og på stemnet søndagen. Om lag halvparten av deltakarane var tilreisande, og nokon av dei vitja Vestlandet og Indre Sogn for fyrste gong.

    – Dette har vore heilt strålande, og alle verka fornøgde, seier Nybø Torgersen.

    Leiaren trur at påmeldingane dels har kome på grunn av Norsk Kennel klubb si årlege oversiktsliste over stemner i Noreg, men og via vener og kjente i hundemiljøet rundt om i landet.

    Nina Framstad Helle Hunderi

    DEBUT: Nina Framstad Helle Hunderi og hunden Nico frå Årdal, debuterte som rallylydigheitsutøvarar under stemnet.

    Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

    Fleire debuterte

    Det var ikkje berre hundeklubben som debuterte som arrangør. Fleire av deltakarane var heilt ferske som rallylydigheitsutøvarar, og ei av dei var Nina Framstad Helle Hunderi med hunden Nico frå Årdal.

    Familien Framstad Helle Hunderi er ein aktiv hundefamilie, og hunden Nico er langt ifrå fersk når det kjem til prestasjonar og konkurransar. Han har fleire gonger konkurrert i hundesporten agility, og er i tillegg lavinehund.

    Nico og Framstad Helle Hunderi enda opp på ein tredje plass i klasse 1 og direkte opprykk til klasse 2, noko ho sjølv tykkjer var veldig overraskande.

    – Vi har berre trena tre baner dei siste to vekene, så eg var godt nervøs før start i dag, seier ho.

    Dugnadsarbeid

    Mange eldsjeler har vore med i organiseringa av dobbeltstemnet, både før og under sjølve arrangementet.

    – Det er arbeidsgruppa for lydigheit og rallylydigheit som har hovudansvaret, og vi i styret har hjelpt til med blant anna kioskdrift. I tillegg har vi velviljuge medlemmar som har stilt opp og gjort ein god jobb, seier Nybø Torgersen.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.