Hopp til innhold

Suksess for cruisehamn i Luster

Luster har fått eit gjennombrot som cruisedestinasjon.

Prinsendam in Skjolden

STORT SKIP: Prinsendam frå reiarlaget Holland America Line i Skjolden 14. juni.

Foto: Iren Vatne

I år ser det ut som at over 40.000 turistar kjem til å besøke Skjolden cruisehamn, mot fjorårets besøk på berre 9000. Det skriv hamne- og reiselivssjef Iren Vatne ved "Destinasjon Sogndal og Luster" i ei pressemelding.

Auken skal vere eit resultat av mange års marknadsføring, god handtering av anløpa ein har fått gjennomført i Skjolden, og at dei besøkjande skipa no får tilbod om å leggje til kai.

Ifølgje Vatne har Skjolden fått strålande tilbakemeldingar både på kvaliteten på guidane og utfluktene i området. Den nye djupvasskaien, som vart teken i bruk i fjor, har også vorte svært godt motteken av både kapteinar og losar.