Hopp til innhold

SU vil ha fjorddeponi

Sosialistisk Ungdom vil ikkje støtte moderpartiet SV i kampen mot lagring av gruveavfall i norske fjordar.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FLEIRE SLIK? Ungdomspartiet SU meiner norsk industri må få etablere fjorddeponi til frå gruvedrift. Men SU går imot deponi i Førdefjorden, som teikningen viser.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

SV har kjempa hardt mot regjeringskollegaane Sp og Ap, ikkje minst i striden om Nordic Mining skal få etablere sjødeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Vevring.

Trur på industrieventyr

No opnar SU for å tillate fjorddeponi med gruveavfall, skriv Nationen.

SU-leiar Andreas Halse seier ein må la industrien utnytte naturressursane.

SU-leder Andreas Halse

OPNAR FOR INDUSTRI: SU-leiar Andreas Halse.

Foto: SU

– Prinsipielt er vi ikkje imot sjødeponi. Vi må tillate industrien å bruke tilgjengelege ressursar. Vi har stor tru på at gruvenæringa kan bli eit industrieventyr i Norge, seier SU-leder Andreas Halse til Nationen.

...men ikkje i Sunnfjord

Ungdomspartiet går likevel imot det omsøkte gruvedeponiet i Førdefjorden.

Halse vil heller ta standpunkt til sjødeponi i enkeltsaker enn å innta eit prinsipielt standpunkt. Ifølge SU-leiaren har ungdomspartiet førebels ikkje tatt stilling til fleire konkrete saker enn sjødeponiet i Førdefjorden, som dei altså har gått mot.

Det er SVs miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, opphavleg frå Naustdal, som avgjer om det blir tillatt sjødeponi i Førdefjorden.