Hopp til innhold

Klart nei til fusjon - vil halde fram som sjølvstendig høgskule

SANDANE (NRK): Styret går samrøystes inn for at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gå vidare som sjølvstendig høgskule, stikk i strid med haldninga til kunnskapsministeren. Men samstundes opnar dei for samarbeid med andre.

Styret i Helse Førde

KLAR SEMJE: Høgskulestyret var torsdag samla på Sandane.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Om nokon veit kva som er best for Høgskulen i Sogn og Fjordane, så er det styret. Vi er veldig stolt av å vere ein del av den gode kvaliteten høgskulen går for. Det finst ingen samanheng mellom storleiken på institusjonen og det som blir levert, sa styreleiar Heidi-Kathrin Osland under styremøtet som nyleg er avslutta på Sandane i dag.

Etter månader med debatt, møter med departementet og besøk av statsråden var det i dag det endelege styremøtet der ein skal avgjere framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Statsråden krev endringar

Det er store omleggingar på gong innan universitets- og høgskulestrukturen i landet, etter initiativ frå Kunnskapsdepartementet.

Styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, med rektor Åse Løkeland i spissen, har heile vegen heldt fast på ønskjet om å stå åleine, også i åra framover. Difor er ho godt nøgd med vedtaket styret no har fatta.

– Eg trur at dette kan verke samlande for høgskulen, seier ho.

Like før jul kom nok ein gong beskjeden frå departementet om at dei ikkje har tru på at Høgskulen i Sogn og Fjordane vil klare seg åleine i åra framover. Særleg har departementet påpeikt at høgskulen ikkje stettar krava som er sett for å drive ei eiga femårig lærarutdanning. Departementet er heller ikkje nøgd med publiseringsaktiviteten, mellom anna.

– Vi gjer ganske kraftige grep både med lærarutdanninga, forsking og utvikling. Det er heilt rett som departementet påpeiker, at her må vi gjere grep og det gjer vi no, seier Løkeland.

Vil ikkje vere «filialfylke»

Men styret meiner at Høgskulen uansett vil stå best på eigne bein. Styremedlemene stod i kø for å argumentere for sjølvstendelina, mellom dei næringssjef i Luster, Olav Grov.

– Eg trur neppe at det blir meir satsing på det om vi blir lagt inn under ein annan institusjon. Sogn og Fjordane blir framstilt som eit filialfylke, vi blir av og til prisgitt det som skjer i styrerom andre stader. Det vil ikkje gå med på også når det gjeld høgskulen, sa Grov.

Alternativet er samarbeid

Høgskulestyret sitt vedtak slår fast at dei meiner at HiSF best vil ta vare på samfunnsoppdraget sitt ved å halde fram som sjølvstendig høgskule, men med eit forpliktande samarbeid og arbeidsdeling med andre institusjonar.

Styret støtta også eit forslag om at alternativet er å gå for ein tettare integrasjon mellom høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen, Volda og universitetet i Bergen med sikte på å etablera eit framtidig «Vestlandsuniversitet».

Styreleiar Heidi-Kathrin Osland veit at vedtaket dei har gjort ikkje vil bli særleg godt motteke i departementet. No er saka ute av styret sine hender.

– Departementet respekterer at vi har eit anna syn og tek det med i sakshandsaminga, men korleis dei vel å konkludere får vere opp til dei, seier ho.