Lærdølen vart sist veke dømd for brot på rekneskapslova. Men det gjev ikkje grunn til å vurdere vervet hans, seier Kindervåg.
- Personleg har eg ikkje lese dommen, men etter den informasjonen eg har fått til no, så er det ikkje aktuelt å vurdere det, seier han.
Ueinige
Dermed går han mot leiar i domsutvalet i forbundet, Fredik Kveil, som før helga gjekk ut og meinte Aarethun måtte gå av som president. Aarethun vart i førre veke dømd til fengsel i 45 dagar på vilkår og ei bot på 35 000 kroner for brot på rekneskapslova og straffelova. Men domen gjev ikkje grunn for domsutvalet til å seie at Aarethun bør gå av som president, meiner 2. visepresidenten.
Ikkje tema på møta
Og saka har ikkje vore tema i styret, seier styremedlem Svein Bergheim frå Kristiansand.
- Styret har ikkje teke stilling til kva vi skal meine om denne saka. Den har ikkje vore eit tema på møta. Styret held seg til det sportslege, og kva Aarethun har gjort i det private har ikkje styret teke stilling til, seier Bergheim.
Trur styret står samla
Og styret vil framleis vurdere Aarethun når det skal vere val av president i februar, seier styremedlem Bergheim. Han trur at saka vil påverke valet, men han trur likevel at styret er samla i synet sitt.