Styret kutta ambulansebåten

Styret i Helse Førde vedtok onsdag ettermiddag å kutte ambulansebåten i Gulen. Båten skal i staden erstattast av ein såkalla samfunnsbåt.

Styret følgde i denne saka tilrådinga frå administrerande direktør Jon Bolstad.

Bruken av ambulansebåttenesta i dei tre kommunane Askvoll, Solund og Gulen er meir enn halvert på åtte år - frå 1500 oppdrag i 1997 til ca 700 oppdrag i 2005. Dette er grunnen til at Helse Førde no vil leggje om tilbodet.

Samfunnsbåt i Gulen

Det vert framleis ambulansebåtar stasjonerte på Hardbakke og i Askvoll. Desse båtane skal dekke Gulen, Solund og Askvoll. I tillegg skal ambulansebåtane ta enkelte ruteoppdrag som i dag.

Dei to båtane vil likevel ikkje gje fullgodt tilbod til øyane i Gulen. Styret vil difor ha ein såkalla samfunnsbåt i Gulen. Denne båten skal gå i lokale ruter, vera utan nattevakt, men kunne ta hasteoppdrag på kort varsel på dagtid.

Dei tre kommunane har sagt at forslaget kan vera ein tenleg modell, men Gulen krev nattberedskap på samfunnsbåten dei nettene det ikkje går nattferje på Lavik-Oppedal.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.