NRK Meny
Normal

Styret har full tillit til Bolstad

Styret i Helse Førde har full tillit til administrerande direktør Jon Bolstad. Men han slapp likevel ikkje frå møtet utan riper i lakken.

Jon Bolstad og Clara Øberg.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det var eit samrøystes styre som stilte seg bak Jon Bolstad etter dagens møte. Men Helse Førde-sjefen måtte likevel tole mild refs frå styret.

- Styret meiner det burde vore kjøpt rimelegare møblar, og er nøgd med at administerande direktør beklagar kjøpet. Styret tek og til etterretning at administerande direktør ønskjer å syne større varsmed i personalsaker framover og at ledige stillingar skal lysast ut, sa styreleiar Clara Øberg rett etter styremøtet.

- Har skada Helse Førde

Styret sa seg også nøgde med at Bolstad har sett i gang eit internt arbeid for å betre openheita i helseføretaket. Styret sa også klart frå om at ventar at retten til fritt sjukehusval også vert praktisert ved ortopediklinikken i Lærdal. Dermed godtek dei heller ikkje innhaldet i ee-posten der Bolstad ba klinikken prioritere pasientar utanfor fylket.

Og at bråket den siste tida har skada Helse Førde var også Øberg samd i.

- Styret har gått nøye gjennom saka, som handlar om alle mediesakene kring Helse Førde siste tida. Det er brei semje i styret om at dette har skada Helse Førde sitt omdømme. Det er ikkje noko sak for oss på nokon måte.

Nøgd med utfallet

Sjølv seier Bolstad dette etter onsdagens styremøte.

- Eg er tilfreds med resultatet styret kom fram til.  

- Oppfatta du noko av det styret sa som kritikk av deg?  

- Eg oppfattar at styret stadfesta min kritikk av meg sjølv.  

- Føler du at du har full tillit no?  

- Eg føler at eg har hatt full tillit i styret heile vegen. 

- Ingen sløsekultur

Eit par timar tidlegare orienterte Bolstad det ekstraordinære styret om alle sakene som har vore oppe i media den siste tida. Og der avviste han påstandane om sløsekultur.

- Det er på ingen måte ein sløsekultur i administrasjonen hjå oss.

Han gjekk detaljert gjennom alle saker som har vore tema i media i det siste, ikkje minst kjøpet av møblar. 

Han understreka sterkt at at dei ikkje har brukt meir pengar enn budsjettert til møbelinnkjøp. Samla sett er det investert i møblar for 600.000 kroner til administrasjonen, ikkje minst til møterommet der styremøtet blir avvikla. Han sa også at dei har valt ei nøktern linje, og viste til at dei ikkje har brukt alt som var sett av til oppgradering av administrasjonen fordi det vart for dyrt. Totalt 1,5 million kroner var budsjettert til oppussing av administrasjonen.

- Har ikkje vore på seminar

Ein hardt pressa Helse Førde-direktør sa også til styret at han ikkje har reist på kurs og anna betalt av Helse Førde i den perioden han har vore direktør. Og då snakker vi om kurs som han ikkje er pålagt å delta på som direktør. Likevel sa Bolstad følgjande om kjøpet av møblar til eige kontor.

- Møbelkjøpet gir ei svært dårleg signaleffekt.

Tek sjølvkritikk

Jon Bolstad orienterte også styret svært detaljert om tilsetjinga av fleire tidlegare kollegaer frå Rærlingen kommune. Bolstad var rådmann i Rælingen og har fått mykje kritikk fordi tre av hans tidlegare kollegaer no er tilsette i Helse Førde. Han meiner det var fleire gode grunner for å tilsetje desse medarbeidarane, både økonomisk og organisastorisk har dette vore rett for helse Førde, sa Bolstad.

- Men det er mogeleg å sjå dette på ein ny måte i dag, og vi burde nok ha hatt ei breiare utlysing av desse stillingane, sa Jon Bolstad.

Dette skil seg frå det han har sagt tidlegare. Bolstad har heilt fram til i dag ikkje teke sjølvkritikk på tilsetjinga av tidlegare kollegaer frå Helse Førde.

- Uheldig for Helse Førde

Helse Førde-direktøren sa også at det er uheldig at dei blir oppfatta som ein organisasjon der tilsette ikkje kan snakke fritt. Han gjekk gjennom det nye mediereglementet som er innført i organisasjonen no, og han har no invitert organisasjonane til å vere med å utvikle reglane for kven som kan seie kva i Helse Førde.

- Eg synest dei sakene som har vore oppe i det siste er uheldige for Helse Førde. Det må eg beklage. Vi er opptekne av å gi folk gode helsetilbod, og når tilbodet vi gir druknar i slike saker må vi sterkt beklage det. Eg vil presisere at mange gjer mykje arbeid i slike omstillingsprosessar, og det er synd at dette kjem i bakgrunnen for slike saker, sa Bolstad.

Bolstad fekk berre eit einaste spørsmål frå styret under den opne delen av styremøtet. Deretter vart møtet lukka for pressa av styreleiar Clara Øberg.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå