Ullebø og fleirtalet si handtering av saka er ikkje akseptabel, meiner Dagmund Systad - styremedlem ved Høyanger Kjemiske.
Bakgrunnen for uroa er at dei tilsette sin representant i Fundamus-styret, Erik Flæthe, gjekk ut og sa at dei ikkje hadde tillit til leiinga av felgfabrikken. Men før helga sende seks fagforeiningar ved Fundamus ut pressemelding der dei stempla Flæthe som illojal og at utspelet var uklokt og uheldig.
Mindretalet i Kjemisk meiner utspelet frå Ullebø og dei andre fagforeiningane kjem utan at styret var kontakta på førehand - noko som ikkje er akseptabelt.
I samband med oppseiinga av lønsavtalen, som førte til utspelet frå Flæthe, vart det på eit møte i slutten av juni bestemt at det berre var to personar som kunne uttale seg til media om saka, nemleg Ullebø og Flæthe.