Hopp til innhold

Reidar Sandal slapp vanskelege spørsmål – eigarane kravde ingen svar på styremåten hans

Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, slapp spørsmål om korleis han styrer selskapet på under Fylkestinget. To i styret har trekt seg, og fleire har kritisert han.

Reidar Sandal og Tore Eriksen

INGEN KRITISKE SPØRSMÅL, INGEN KOMMENTAR: Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal (t.v.), slapp med to unntak spørsmål frå eigarane om korleis han styrer Fjord1 på. Sjølv ønskte ikkje kommentere kritikken som har komme mot han etter at to styremedlemmer har trekt seg.

Foto: Tone Lin Støfring / NRK

– Det er eigarane og generalforsamlinga som avgjer korleis styret skal vere samansett. Det var det svært korte svaret styreleiar Reidar Sandal kom med til fylkestinget.

Det var berre fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, og fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, som stilte spørsmål ved kritikken som har komme fram i media mot Fjord1 og måten styret blir leia på.

– Ei tøff tid

Ingen av dei andre folkevalde, som utgjer eigarane av Fjord1, stilte noko spørsmål ved den massive kritikken som har vore reist mot den tidlegare folkevalde AP-politikaren, Reidar Sandal, som no er styreleiar i Fjord1.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i selskapet. Havilafjord, ved sunnmøringen Per Sævik, eig resten.

Men styreleiaren fekk ikkje kritikk frå tingsetet, og Reidar Sandal sjølv aviser all kritikk.

– Det har vore ei tøff tid. Eg har tillit som styreleiar og vil halde fram med å jobbe til det beste for selskapet, seier han til NRK.no.

Korleis skal du klare det?

– Vi har ro i styret, svarar Sandal.

Styremedlemmer har trekt seg

Det var på styremøtet den 29. april i år at styremedlemmene Eva von Hirsch og Lars Pamer varsla at dei trekte seg frå styret i Fjord1 i protest, hovudsakleg på grunn av sterk misnøye mot styreleiar Reidar Sandal.

Også tilsetterepresentanten i styret, Atle Olav Trollebø også komme med kritikk av styreleiinga.

Fylkesordføraren gjekk klar

Heller ikkje fylkesordførar, Åshild Kjelsnes, fekk noko spørsmål eller kritikk til måten ho har informert fylkesutvalet på.

– Vi skal jobbe for selskapet sitt beste, og det er også eigarane sitt beste, sa Reidar Sandal frå talarstolen.

Fylkestinget var under tingsetet ei relativt tagal forsamling som var meir opptekne av korleis selskapet handterer allereie inngåtte kontraktar og korleis det er å få mannskap om bord til ferjene.

Fjord1 har 1200 tilsette og hadde ei omsetning på 2,3 milliardar kroner i fjor. Årsresultatet var på 24 millionar kroner.