NRK Meny
Normal

Styreleiaren sin advokat: – Politiet si handtering er svært problematisk

FØRDE (NRK): Styreleiaren sin forsvarar, Randulf Schumann Hansen, er svært provosert over at aktor kjem med nye bevis så seint i rettssaka og ba om ein times pause i retten.

Randulf Schumann Hansen

PROVOSERT: Styreleiaren sin forsvarar, Randulf Schumann Hansen, likte dårleg at påtalemakta kom med nye bevis i retten, utan at dei vart varsla på førehand.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det som er ufatteleg her er at dei kjem med eit dokument som ein ikkje har fått forklara seg om. Det har aldri vore tema, ingen spørsmål om det. Det er problematisk at han får spørsmål om det først no, seier ein provosert Randulf Schumann Hansen.

Han er advokaten til styreleiaren ved Selje hotell, som saman med sine to brør er tiltalt for å ha tent på Selje hotell, 25. november i fjor.

Rettssaka mot dei tre brørne starta førre veke i Sogn og Fjordane tingrett og det er sett av tre veker til saka.

Søkte på fjerning av fingeravtrykk

Før rettssaka starta hadde hotelldirektøren alt tilstått at han køyrde 100 mil frå Stockholm til Selje for å sette fyr på hotellet.

Dagleg leiar på veg heim frå Selje etter å ha rigga brannen på Selje hotel.

BILEN: Her køyrer hotelldirektøren til Selje hotell for å tenna på. Aktor meiner «Mr. X» i passasjersetet er veslebroren, som er den tiltalte styreleiaren.

Foto: Overvakingsbilete / Politiet

Med seg i bilen hadde han ein passasjer som har blitt fanga opp av trafikkamera langs reiseruta. Denne personen vil direktøren ikkje røpa kven er, og han har fått tilnamnet «Mr. X».

Påtalemakta på si side meiner «Mr. X» er broren og styreleiaren, og i retten i dag la dei fram nye dokument, som dei meiner beviser at det er styreleiaren som er «Mr. X».

– Vi har henta ut informasjonen frå telefonen hans som viser at han har søkt på nettet etter korleis ein skjuler fingeravtrykk, seier statsadvokat Magne Nyborg.

Men desse dokumenta har ifølgje styreleiaren sin forsvarar aldri blitt nemnd tidlegare.

– Ein ønsker jo å få tilgang og spørsmål om tema i saka, lenge før ein er i retten. Min klient har ikkje fått høve til å imøtegå det før no. Eg er provosert over politiet og det er ein problematisk handtering, seier Schumann Hansen.

Lite truverdig

Etter ein times pause i retten forklarte styreleiaren at det ikkje var han som hadde søkt på det. Storebroren og direktøren har forklart at det var han som brukte veslebroren sin telefon.

Statsadvokat Magne Nyborg.

LITE TRUVERDIG: Statsadvokat, Magne Nyborg, trur ikkje på forklaringa til hotelldirektøren om at det var han som brukte veslebroren sin telefon.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg fekk panikk sidan eg ikkje greidde å brenne ned heile hotellet. Eg frykta politiet ville finne spor. Difor gjekk eg inn på broren min sin telefon og søkte på korleis ein skal slette fingeravtrykk, forklarte han i retten.

Aktor meiner dette er lite truverdig. Han seier at den tidlegare hotelldirektøren ved Selje hotell allereie i den første forklaringa si i retten burde fortalt om at han lånte veslebroren sin telefon til å søkje opp korleis ein skjuler fingeravtrykk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.