Jarle Skartun
- Eg tykkjer den koplinga er litt merkeleg, og eg er overraska over merksemda denne saka har fått. Det er rett at eg i 2003 og 2004 har hatt ein eigardel på 0,33 prosent i eit selskap. Dette selskapet eig ein båt som er leigd ut til Fjordline, seier Skartun.
Taper store pengar
Det var for to år sidan at Jarle Skartun vart med på å skipe selskapet Nordsjøkameratane. Saman med tidlegare Fylkesbaatane-sjef Atle Tornes og direktør i Fjord1, Hallgeir Kleppe, stabla han over ein million kroner på beina. Desse pengane vart plasserte i kommandittselskapet Nordsjøferger. Nordsjøferger leiger ut MS Fjord Norway, som går frå Bergen til Danmark for Fjordline. Fjordline taper for tida store pengar på akkurat den båten.
- Har handtert saka skikkeleg
Dermed tener dei tre kameratane pengar på det som er blitt Fjord1 si store hovudpine for tida.
- I forhold til det formelle vil eg understreke at eg meiner vi har handtert dette skikkeleg, men i forhold til merksemda saka har fått, så skulle sikkert dette vore ugjort, seier Skartun.
- Men dersom tapa til Fjord1 på Fjordline held fram, blir det ikkje vanskeleg for deg å vere styreleiar då?
- Jau, men då får vi handtere den habilitetssituasjonen som eventuelt skulle oppstå, seier Skartun.