Hopp til innhold

Toril fekk ein dyr lærepenge

- Eg skal ikkje bli brend att, forsikrar Toril Aagaard frå Sandane. Skrekkopplevinga ein gamal solkrem gav henne for nokre veker sidan, sette ein støkk i henne som ho seint vil gløyme.

Video Styr unna gamal solkrem

SJÅ: Den gamle solkremen gav Toril Aagaard ein dyr lærdom.

- No må eg smørje meg litt. Og då brukar eg 50 i ansiktet, fortel Toril Aagaard og plukkar ned ein heilt ny solkrem frå kjøkkenskåpet.

Brått dårleg

For opplevinga ho fekk for nokre veker sidan var smertefull. Og ei oppleving ho ikkje unnar nokon.

Ho var på hytta då sola lokka som mest. Ho smurde seg inn med ein gamal solkrem og sette seg i fred og ro ut i solsteiken. Men same kveld vart ho brått dårleg, fortel Firda Tidend.

- Eg byrja å fryse, var svimmel og ekkel og fraus så eg skalv. Hin dagen dagen var eg opphovna frå augo. Nasa var nesten flat, og ansiktet var ganske raudt og grønt innimellom og det pipla ut væske, fortel ho.

Ikkje ukjent

For avdelingsdirektør Lisbeth Rustad ved hudavdelinga på Haukeland Universitetssykehus, er ikkje dette ei ukjend skildring.

- Det høyres ut som ho har fått altfor høg dose av sol, med andre ord at solkremen ikkje har fungert. I tillegg kan det høyres ut som ho har fått ein bakteriell infeksjon oppi det heile, seier Rustad.

Blir du kraftig solbrent, er det ikkje berre ubehageleg. I verste fall aukar du faren for hudkreft.

- Ikkje det luraste

Rustad fortel mange diverre brukar gamal solkrem. Det er ikkje det luraste ein kan gjere i solsteiken.

- Vi veit at både effekten av faktoren, og sjansane for at det kan bli bakterievekst i slike tuber er til stades. Det er ganske mange grunnar til at ein bør vere kritisk til å starte på ny sesong med gamal tube, seier ho.

- Rett i søpla

Toril Aagaard

Toril Aagaard vil aldri meir nytte gamal solkrem.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Som dei fleste andre kremar, er solkrem haldbare til ein viss dato. Og solkrem som er gått ut på dato, gir som oftast dårlegare beskyttelse i sola. Det vart også den dyre lærdomen for Aagaard. Sjølv om spora i dag «berre» er i form av små skurver.

  • Kva solkrem er i tråd med EU-regelverket? Sjekk her.

- Eg har fått ein skikkeleg lærepenge, og om eg ikkje brukar den opp, skal den gå rett i søpla når hausten kjem, seier ho.

Eit godt råd

Det er ikkje råd å talfeste kor mange som blir forbrent fordi dei nyttar gamal solkrem, men erfaringa hos hudavdelinga på Haukeland er at dette skjer kvar einaste sommar.

For alle som ventar på sol og sommar, har Rustad eit godt råd:

- Sjå på dei solkremane de har i skapet frå i fjor. Er dei ikkje lenger haldbare, vil eg rå til å kaste dei og investere i nye. Folk investerer i mykje ferieutstyr for å få ein fin sommar, og då har dei og råd å investere 150 kroner i ein ny og fersk solkrem som fungerer.