NRK Meny
Normal

Kommunar vil ikkje møte tillitsvalde - det får Utdanningsforbundet til å stusse

Kommunane Vik og Leikanger vil ikkje høyre på kva lærarane meiner om det nye forslaget til arbeidsavtale. Det får Utdanningsforbundet til å stusse, dei forstår ikkje oppførselen.

Jarle Hessevik om ny arbeidsavtale for lærarar

OVERRASKA: Jarle Hessevik i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane er overraska over at lærarar i to kommunar ikkje får drøfte forslaget til ny arbeidsavtale med sine sjefar.

Foto: NRK/Privat

KS og lærarane står steilt mot kvarandre når dei no diskuterer den nye arbeidstidsavtalen.

I kommunane vil lærarane gjerne fortelje sine sjefar kva dei meiner om forslaget, og mange får lov til å tale si sak.

Men i Vik og Leikanger er det ikkje slik. Nestleiar i Utdanningsforbundet, Jarle Hessevik, meiner det er uvanleg at kommunane droppar å lytte. Han viser til at det er noko kommunane vanlegvis gjer.

– Vi synest dette er litt rart. Vi håpar det samarbeidet vi har er noko som kan vare inn i også vanskelege spørsmål, som det vi diskuterer no, seier Hessevik.

Dette er saka

For saka som no blir reist rundt lærarane sin arbeidsavtale er vanskeleg. KS vil at lærarane skal jobbe 45 veker i staden for dagens 39 veker, men ha same tal arbeidstimar. Det betyr nedkorting av oppstart ferie og avspasering, noko lærarorganisasjonane med støtte frå LO og Unio har nekta godta.

Utdanningsforbundet fryktar forslaget frå KS vil føre til ein dårlegare skule ved at det blir opna for at kommunane kan kutte i skulebudsjetta, og at lærarane får mindre tid til førebuing og etterarbeid.

KS har på si side avvist at dei føreslår endringar i arbeidstida for å spare pengar.

Utdanningsforbundet: – Uvanleg

Også i Sogn og Fjordane engasjerer lærarane seg stort i si eiga framtid. Men i Vik og Leikanger har dei tillitsvalde møtt stengde dører når dei har ville gje innspel i saka.

Det stussar Utdanningsforbundet på.

– Vi oppfattar dette som relativt uvanleg, seier nestleiar i fylket, Jarle Hessevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tyskundervisning

MINDRE TID: Utdanningsforbundet fryktar lærarane med det nye forslaget skal få mindre tid til førebuing av undervisning.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Vil ikkje møte lærarane

Men rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, meiner på si side det er heilt normalt at det ikkje blir lagt opp til lokale møter i slike saker.

– Eg har aldri vore med på lokale møte der ein i fellesskap lagar strategiar for tariffoppgjer. Her er det to partar som gjennom sine kanalar bur seg på det som skal vere eit sentralt oppgjer, seier han.

Som mangeårig rådmann viser han til at dette ikkje er noko ny praksis.

Usemja mellom partane er så stor at det allereie er varsla at det kan bryggje opp til lærarstreik.

– Kan i det minste høyre på oss

I morgon møtest alle kommunane i fylket til KS sin strategikonferanse. Då burde kommunen ha med seg våre innspel, seier hovudtillitsvald for lærarane i Vik, Heidi Rennestraum.

– Vi vil gjerne samarbeide med kommunen for å få til best mogleg skular i Vik. Då synest vi det er sentralt at vi får sagt noko om kva vi meiner om KS sitt forslag til ny arbeidsavtale, seier ho.

– Den vil slik vi ser det ha stor innverknad for kva kvalitet vi kan ha for opplæringa til elevane.

Om kommunen vil ta innspela frå lærarane med seg vidare, vil vere opp til dei, understrekar ho.

– I føler det er litt underleg at vi skal vli avvise. Vik kommune kan høyre på oss, og så velje om dei vil vere usamde eller samde. Men dei kan i det minste høyre på kva vi har å seie, seier Rennestraum til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese.

VIL IKKJE: Rådmann i Vik, Oddbjørn Ese, meiner det ikkje er naturleg at kommunen møter lærarane for å diskutere saka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Unngår formell kontakt

Men rådmann Oddbjørn Ese i Vik er usamd.

Han meiner at med den situasjonen partane er i, og med forhandlingar lagt på vent til mai, så bør ein halde seg unna formell kontakt.

– Vi ønskjer å opptre ryddig. Sentrale oppgjer skal handterast sentralt. Vi har etter råd frå KS så langt ikkje funne det rett å ha lokale møter med Utdanningsforbundet, seier Vik-rådmannen.

Usamde om kor mange kommunar som seier nei

Ei oppteljing Utdanningsforbundet har gjort viser at det berre er i Vik og Leikanger at dei tillitsvalde ikkje har sleppt til.

Ese meiner det må vere noko feil med den oppteljinga.

– I samtale med iallfall seks av mine rådmannkollegar har eg fått stadfesta at det ikkje har vore møte på administrativt nivå med Utdanningsforbundet. Men eg kan ikkje nekte for at det har vore anna type kontakt, seier Ese.

Hessevik i Utdanningsforbundet meiner det må vere ei misforståing.

– Det er ikkje sikkert at rådmennene veit kva kontakt som har vore der. At kontakten innad i kommunen ikkje er like god, slik at dei ikkje veit om kvarandre, det ser eg ikkje vekk frå, seier han og viser til at dei har hatt kontakt med politisk nivå i nokre kommunar, skuleansvarleg i andre, og heile KS-delegasjonar i andre igjen.

Uansett, Ese meiner kommunen har gjort det einaste rette i situasjonen dei står i.

– Om dette skapar frustrasjon hos arbeidstakarorganisasjonen, så får det så vere.

– Det er ofte slik at når ting er tema i tariffoppgjer, så vil ein ha ulikt syn på ulike saker. Det er nok også tilfelle her.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.