Hopp til innhold

Stussar over jentene si dårlege sjølvkjensle

Born og unge i Sogn og Fjordane har generelt gode levekår og livskvalitet. Det syner Ungdomsundersøkinga for 2013. Likevel opplever ein del unge jenter å ha dårleg helse og låg sjølvtillit.

Hans Johan Breidablikk har studert korleis born og ungdom i Sogn og Fjordane har det.

FORSKING: Ungdomsundersøkinga gjev ikkje svar på kvifor born og unge har det slik dei har det, men teiknar eit breitt bilete av korleis dei har det, seier Hans Johan Breidablik. Mykje av materialet vil bli brukt til vidare forsking.

Foto: Arve Stubhaug

– Det er paradoksalt at jenter har dårlegast sjølvtillit, for dei klarer seg gjerne best på mange område i det moderne utdanningssamfunnet, seier Hans Johan Breidablik, forfattaren bak den omfattande undersøkinga.

Undersøkinga er gjort i samabeid med fylkeskommunen, og totalt har 3052 elevar i 6., 8. og 10. klasse i fylket svart på undersøkinga. Spørsmåla har famna om alt frå kor ofte dei besøkjer besteforeldra, om dei brukar sykkelhjelm, til om dei har røykt, drukke seg fulle og korleis dei opplever eiga helse.

Her kan du lese heile rapporten om born og unge sine levelår i Sogn og Fjordane.

Svarar syner at det store fleirtalet melder at dei har særs god eller god helse. Likevel gjeld det ikkje alle. 27 prosent av jentene i 10. klasse skildrar si eiga helse som ganske god eller dårleg. Talet på jenter som opplever helsa som dårleg, aukar også med alderen.

Inga enkel forklaring på kvifor

– Overalt i verda er utviklinga slik. Det er mange som har prøvd å forklare dette, seier Breidablik.

Mellom anna blir det peika på at jenter utviklar seg tidlegare, og at det er grunnen til den store auken i jenter som berre på få år melder om dårlegare sjølvopplevd helse. I tillegg har jenter lettare for å fortelje om og innrømme plager, noko som også kan slå ut på statistikkar og undersøkingar.

– Vi kan heller ikkje sjå vekk frå at det er skilnad i plagar, og at det er moment innan alle desse forklaringane som ligg bak tala. Eg trur likevel at vi i noko grad har betre mental helse her enn elles i landet, for det finn vi gang på gang, seier Breidablik, som sjølv har teke doktorgrad på området.

I Selje, Gulen og Jølster er det fleire jenter enn i kommunane elles som melder om ganske god eller dårleg helse. Kvifor det er slik kan ikkje Breidablik seie noko om.

– Formålet vårt er å skaffe materiale, så må dei som arbeider innan dei ulike felta i kvar kommune bruke det til å sjå på detaljane og kva som kan gjerast. Det er klart at dersom veldig mange i ein kommune har dårleg sjølvopplevd helse, så er det negativt.

I Årdal. Gaular, Leikanger og Høyanger er det minst fem prosent av elevane som svarer at dei blir mobba ein gong i veka.

Tal frå UNgdomsundersøkinga 2013

Materialet som kjem fram av undersøkinga kan bli brukt av kommunane til vidare planlegging og folkehelsearbeid. Truleg vil også fleire forskingsprosjekt ta utgangspunkt i nokre av emna og sjå nærare på kva som ligg bak tala og svara.

Store skilnadar i mobbing

72 prosent av 6.klassingane svarar at dei aldri blir mobba, medan 85 prosent av 10.klassingane svarer det same. Samstundes svarer to til fem prosent av alle elevane at dei blir mobba kvar veke eller oftare. Kor mange som melder om mobbing varierer stort frå kommune til kommune. I Gloppen, Førde, Balestrand og Hyllestad svarar ingen at dei ofte blir mobba.

– Dei skal ha betydeleg heider for godt arbeid. Men, det kan tenkjast at om vi spurte dei same spørsmåla om to månadar så ville det vore nokon der, så det svingar veldig. Eg trur vi får ærlege svar, seier Breidablik.

I Årdal. Gaular, Leikanger og Høyanger er det minst fem prosent av elevane som svarer at dei blir mobba ein gong i veka.

– Dersom vi slår saman heile fylket og samanliknar med landstal, så ligg vi på snittet når det gjeld mobbing, seier Breidablik.