Hopp til innhold

Studietur mot straumen

ATEN (NRK): – Vi er her for å lære og sjå kva flyktningane går gjennom før dei kjem til oss som sit i enden og tek imot dei, seier Hilde Kristine Ellingsund.

Farossenteret

LÆRING: Tilsette ved Innvandrarsenteret i samtale med Dan Biswass som arbeider i Faros-stiftinga

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Saman med kollegaar frå Innvandrarsenteret i Florø, med hendene fulle av posar med mat og klede til flyktningar, har norsklæraren Ellingsrud kome inn dørene til Faros-senteret. Dagsenteret for einsleg mindreårige asylsøkarar er siste post på eit hektisk dagsprogram.

Folket frå Florø er komne frå eitt av landa dei fleste flyktningane håpar å nå, til Hellas - landet der mange av dei får sitt første møte med Europa.

Vil vidare så snart som råd

Farossenteret

DONASJONEN: Mat og klede til flyktningane.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Maten og kleda vert tekne vel imot, men det er ingen flyktningar å sjå.

– No for tida går det mest i oppsøkande arbeid ute i byen. Det er få som tek seg tida til å kome innom her, dei vil berre vidare, så fort som mogleg, seier Kenneth Hansen ved Faros-stiftinga.

Både han og stiftinga er dansk, men dei har valt å starte opp her i Aten, for å hjelpe dei unge flyktningane der dei treng det mest.

Farossenteret

STUDIETUR: Flora Innvandrarsenter på Faros-senteret.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I eit land der offentleg sektor har stoppa heilt opp er ein avhengig av private og frivillige initiativ, fortel Hansen.

– Systemet har betra seg dei siste åra, og nye mottakssenter er under planlegging, men det er ikkje nok. No er det rundt 300 plassar i sentera for mindreårige, medan ein anslår at det til ei kvar tid er rundt 3000 mindreårige på flukt i Aten. Vi vil vere den forelderen dei ikkje har, og kan tilby dei alt frå språkundervisning og fotballskule til juridisk hjelp og nokon å snakke med.

Farossenteret

EI TRYGG HAMN: Farossenteret.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

96 prosent av dei einslege mindreårige er gutar. Dei har hatt born så unge som ti år innom, men dei fleste er mellom 14 og 17. Mange søv i parkar rundtom i byen, men mange av afghanarane søv på såkalla «afghan hotels».

– Dette er leilegheiter kor 20–25 afghanarar bur saman, både vaksne menn og mindreårige. Dei yngste vert tvungne til å arbeide for dei eldre og vert ofte utsett for vald og seksuelt misbruk, seier Dan Biswass ved Faros-senteret.

– Ein gut som kom hit sa det på denne måten: «Vi gjer alt det ei kvinne skal gjere i eit hus...»

Farossenteret

FOREDRAG: Dan Biswass på Faro-senteret fortel om arbeidet deira

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Sterke inntrykk

Historiene gjer sterkt inntrykk på gruppa frå Flora. Dei unge gutane Faros møter på gata i Aten kan godt tenkjast å vere dei same som ei tid seinare sit på skulebenken i Florø.

Hilde Kristine Ellingsrud

I ATEN: Hilde Kristine Ellingsrud, lærar ved Innvandrarsenteret, her på Farostiftelsen sitt dagsenter for einslege mindreårige

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Ellingsrud kjenner seg att når Dan Biswass fortel om trauma desse unge flyktningane ofte tek med seg.

– I mange tilfelle har vi hatt elevar i eit halvt år før vi kjem under huda på dei og får vite om kva dei har vore gjennom. Her står eg og messar om norsk grammatikk og plutseleg kjem historiene, seier Ellingsrud.

Biswass seier at det er nettopp dette dei har som eit mål om å førebyggje.

– Kan vi avhjelpe nokre, og unngå at dei får varige men, så er vi nøgde med jobben vi gjer. Dette er sårbare, men ressurssterke unge menneske, seier han.