Hopp til innhold

Skal kutte i tenestene til innbyggjarane, reiser sjølve på studietur til 200 000

Sogn og Fjordane fylkeskommune står overfor store økonomiske kutt dei komande åra. Likevel reiser dei på studietur til Berlin og Hamburg om ein knapp månad.

Møte fylkesutvalet

TUR: Om ein knapp månad reiser fylkesutvalet til Tyskland, for å lære meir om energi, klima, vindkraft og næring.

Foto: Erlend Blålid Oldeide / NRK

– Eg tenkjer turen har stor nytte i seg sjølv, med internasjonalt arbeid og engasjement. Men, det er klart – hadde vi visst om dei økonomiske framtidsutsiktene då vi vedtok turen, så ville vi nok sagt at vi ikkje skulle reise, seier Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet.

Frå 28. september til 5. oktober reiser fylkesutvalet til Tyskland. Der skal dei innom Berlin og Hamburg, og få ny kunnskap om kraft, energi, reiseliv og næring. Dei skal besøkje verksemder frå fylket som har aktivitet i Tyskland, i tillegg til mellom anna Innovasjon Norge og ambassaden. Turen kostar anslagsvis 15.000 til 20 000 kroner per person, og kjem totalt på mellom 150.000 og 200.000.

Vil ikkje kaste pengar ut glaset

– Det er gjort bestillingar med hotell og fly, og økonomiske bindingar vi ikkje kjem oss unna. Då er det betre å gjennomføre og få nytte, heller enn å spare litt og kaste vekk resten av pengane, seier Djuvik.

Eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane vart vedteke før sommaren, og det har blitt klart at Sogn og Fjordane er ein av fylkeskommunane som står overfor størst kutt. Over 230 millionar kroner skal kuttast framover.

Då fylkesutvalet fekk orientering om turen for kort tid sidan, var politikarane usikre på om det var rett av dei å reise til Tyskland. Då dei fekk orienteringa var kring 40.000 kroner allereie betalt på turen. Fleire av desse bestillingane vart gjennomførte tidleg i mai, opplyser fylkeskommunen.

– Symbolpolitikk å kutte turen

Trude Brosvik frå Kristeleg Folkeparti seier fylkesutvalsmedlemmene under møtet vart samde om at det var viktig å reise.

– Vi er eit viktig energifylke og eigarar i eit energiselskap. Vi bør ha meir kunnskap om emnet, fortel Brosvik.

Til dei som stiller spørsmål ved pengebruken i ein økonomisk vanskeleg situasjon, er ho klar på at det er gode grunnar til å reise.

– Mykje av kostnadane var allereie tekne, og det ville vere symbolpolitikk å sløyfe turen. Eg trur også det er gunstig, i den situasjonen vi er i no, at fylkesutvalet har nokre dagar saman der vi blir betre kjende, seier Brosvik.

I mange år har dei ulike utvala hatt ein studietur kvar i løpet av fireårsperioden dei er valde for. Dei andre utvala har gjennomført sine turar for denne perioden, og det er berre fylkesutvalet som står att.

Ho meiner det i alle fall ikkje er ei påskjøning for politikarane.

– Eg ser det som ein del av det å sette oss i stand til å vere gode politikarar for det vi er sett til å ta i vare for innbyggarane i Sogn og Fjordane. Andre fylke investerer meir, og eg trur ein vil sjå at fylket her er ganske nøysamt, seier Brosvik.