- Utan dette studiet er det umogeleg å drive utveksling med andre land, seier studieleiar Matthias Paetzel. Han meiner høgskulestyret har skote seg sjølv i foten ved å legge ned geologistudiet.
Utvekslinga skulle vidareførast
Det var i 2004 høgskulestyret bestemte seg for å legge ned geologistudiet i Sogndal, og dei siste studentane går ut derifrå til sommaren. Utvekslingsprogrammet "Mountain to fjords" skulle likevel vidareførast, sa styret.
Utan norske studentar ingen avtale
Men problemet er ifølgje Paetzel at utan norske geologistudentar er det umogleg å få til byteavtalar med utanlandske høgskular og universitet. - Høgskulestyret har rett og slett ikkje sett konsekvensane av sitt eige vedtak, trass i at vi sende dei ein rapport som fortalde klart og tydeleg om verknadene, hevdar Mathias Paetzel.
Forstår ikkje
I år er det 15 studentar frå land som Finland, Nederland, Tyskland og USA som deltek i det naturbaserte Fjell til fjord-prosjektet. Og med naturrelatert reiseliv som satsingsområde forstår ikkje Paetzel korleis styret kan sitte stille og sjå på det som skjer.
- Einaste måten å berge "Mountain to fjords" på er å igjen opprette geologistudiet, seier han.