Hopp til innhold

Studentsamskipnaden snur i namnestriden

Forslaget om at Studentsamskipnaden på Vestlandet skulle arve Bergen-forkortinga «SiB» skapte reaksjonar. No snur samskipnaden i namnespørsmålet.

Sjukepleiarstudentar på campus Førde vil ikkje at studentsamskipnaden skal få forkortinga SIB

LIKTE DÅRLEG: Sjukepleiarstudentane Lena Kjos, Julie Hjortland og Julie Katharina Knotten i Førde likte ikkje «SiB»-logoen og ville heller ha ein ny. No får dei viljen si.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Per Kristoan Knutsen

SNUR: Administrerande direktør for Studentsamskipnaden, Per Kristian Knutsen.

Foto: Pressefoto

– Det er ikkje vanskeleg å innrømme at det nye namnet er meir samlande, seier direktør i studentsamskipnaden Per Kristian Knutsen.

På nyåret vart studentsamskipnadane i Bergen, Stord / Haugesund og Sogn og Fjordane slått saman til ein. Administrasjonen foreslo å bruke forkortinga «SiB», frå studentsamskipnaden i Bergen, men det fall ikkje i god jord hjå studentane andre stadar.

«Saman» eller «Sammen»

Det nye kortnamnet på Studentsamskipnaden på Vestlandet vert no «Saman» i Sogn og Fjordane, og «Sammen» i Bergen og Stord/Haugesund.

Charlotte Havneraas studentpolitikar i Førde

FORKJEMPAR: Charlotte Havneraa har som studentpolitikar i Førde kjempa for å få eit meir samlande namn.

Foto: Privat

– Eg syns det er flott at vi går vekk frå «SiB»-namnet. Det skaper ein meir samlande høgskule enn det «SiB» hadde gitt. Eg er veldig glad og kjempestolt, seier studentpolitikar frå Førde, Charlotte Havneraa.

Ho var ei av dei som kjempa for å få eit namn som inkluderte dei andre høgskulane. Også administrerande direktør for Studentsamskipnaden er nøgd med det nye namnet.

– Vi har som mål å motverke einsamheit så «Saman» er eit godt namn med tanke på det vi ønsker å vera som studentsamskipnad. Det er meir samlande enn «SiB», seier Per Kristian Knutsen som er administrerande direktør for Studentsamskipnaden.

Studentane i Førde ynskjer ikkje SiB som namn og foreslår alternativ til den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet