Akvakulturlinja i Sogndal er den utdanninga som har uteksaminert flest akvakulturkandidatar i landet, og vart seinast i fjor utpeika til å vere ein av Høgskulen sine spydspissar.
Svært få søkjarar
Men dei to siste åra har både akvakulturutdanninga og resten av realfagutdanningane ved høgskulen hatt svært få søkjarar. Difor har leiinga ved høgskulen lagt fram fire forslag til korleis ein skal få ned kostnadsnivået for realfaga. Studentparlamentet meiner akvakulturutdanninga er alt for kostbar i høve studenttalet.
Dei understrekar at dei ikkje ønskjer å legge ned noko studium, men om det kjem til nedlegging, vil dei likevel gå for ei løysing som betyr å leggje ned både ingeniørutdanningane og akvakulturutdanninga. Fiskum seier dette forslaget i det minste vil bevare delar av naturfagmiljøet ved høgskulen.
- Må ha rett til å fullføre
Men Studentparlamentet krev også at studentar som allereie er i gong med studiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ikkje må råkast dersom skulen vel å legge ned fleire av naturfagutdanningane. Dei meiner alle studentar som er i gong med ei utdanning, eller som har fått tilbod om studieplass i løpet av 2004, har rett til å fullføre utdanninga dei er i gong med.