Hopp til innhold

Har reist 100 mil med mål om å nå EM

SOGNDAL (NRK): Studentlekene Tromsø er vinnarlystne og har reist lengst, men i saftbygda møter dei konkurranse og fleire som vil til student-EM i Portugal.

Studentleikane i Sogndal

KAMPKLARE: Studentspretten i Sogndal gjer seg klare for kamp mot laget frå Tromsø.

– Tidlegare har me fått både bronse og sølv, så no går me for gull!

Deltakar og nestleiar i Studentlekene Tromsø, Nikolai Figenschau, meiner dei har svært gode sjansar for å gå heile vegen til finale.

Deltaking er ikkje det einaste Figenschau driv med når han er i Sogndal. Tromsø skal også arrangere Studentlekene vinteren 2018, og brukar mykje av tida på å observere korleis bygda arrangerer meisterskapen.

– Me er her både med idrettsklede og utstyr som utøvarar, men også med refleksvest og hjelm på synfaring. Me ser kva dei gjer feil og rett, og så tek me med oss lærdom tilbake til Tromsø, seier Figenschau.

Maskoten til Sogndal, Kua, Nikolai Figenschau, og maskoten til Tromsø, Reinsdyret
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Konkurranseklar

Det er ikkje berre Tromsø som har som mål å koma heile vegen til EM. Ida Bahus og lagkameratane frå Sogndal sitt eige idrettslag, Studentspretten, er klare for å spela sin fyrste kamp i volleyball under Studentlekene Sogndal 2017.

– Dette blir kjekt. No skal me syne dei kven me er! Me skal gjere vårt beste desse dagane, og eg håpar me får eit godt utgangspunkt for gruppespelet slik at me eventuelt kan koma oss til EM.

Volleyball mest populært

Laurdag etter finalen kjem banketten, eit høgdepunkt for mange.

– Då skal Tromsø ta over stafettpinnen etter Sogndal, fortel Birte Sunde Leirvåg.

Leirvåg er leiar av Studentlekene Sogndal, og godt nøgd med deltakinga.

– Det er 600 påmelde, og volleyball er den mest populære idretten. Der måtte me stogga påmeldinga. Vinnarane der og i fotball går vidare til EM, så det blir spanande å sjå kven det blir.

Leirvåg deltek ikkje på noko sjølv, i motsetnad til Figenschau, der konkurranseinstinktet er på topp.

Nestleiar i Tromsø og leiar i Sogndal

LEIARAR: Nestleiar i Studentlekene Tromsø, Nikolai Figenschau og leiar i Studentlekene Sogndal, Birte Sunde Leirvåg.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Utfordra kvarandre

– Det er viktig å vera med på så mykje som mogleg når ein er her, og det er haldningar eg vidarefører til deltakarane mine i Tromsø. Me går for gull både på og utanfor bana, og eg gler meg til å løfte pokalen saman med lagkameratane mine på laurdag.

Bahus og Studentspretten er klare for å gje Tromsø og dei andre laga ei utfordring.

– Me kan ikkje lova noko, men me skal prøva alt me kan. EM får vera målet vårt. Me er Studentspretten frå bygda, og me må syna at også me kan slå til. På heimebane må me jo syne oss fram, seier ho.

Ida Bahus

FOKUSERT: Ida Bahus spelar volleyball i Studentspretten, og håpar dei greier seg godt i kampane.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Leirvåg er ikkje i tvil om at det blir ei kjekk helg med Studentlekene.

– Me er i ei praktisk bygd med alt på éin plass, så eg håpar dei likar seg og set pris på det me har laga til, seier ho.