NRK Meny
Normal

Studentflukt frå Sogndal

Høgskulen i Sogn og Fjordane opplever nok ein gong nedgang i søkjartala. Rektor trur mange valdsepisodar dei siste åra skremmer studentane.

Rektor Johs Thaule
Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

- Det har vore mykje fokus på nokre valdsepisodar, eg tenkjer spesielt på drapet på Sogndal folkehøgskule, seier rektor Johs Thaule ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Stadig færre søkjarar

Johs Thaule må endå eit år forklara kvifor det blir stadig færre søkjarar til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Bortsett frå ein liten vekst i fjor, har dei siste åra vore ein samanhengande nedtur for høgskulen.

740 primærsøkjarar ynskjer seg til HSF i år, mot omlag 800 i 2005. Og medan studietilboda i Førde blir meir attraktive, går det motsett veg i Sogndal.

Det er særleg ingeniørutdanninga i Førde som har fått mange søknader i år. 22 personar, mot 14 i fjor, har sett studiet på førsteplass. Også lærarutdanninga i Sogndal har fått fleire søkjarar i år, medan studia som drar ned er samfunnsfag og naturfag i Sogndal.

Studiestaden Sogndal har vore prega av to drap og fleire politimelde valdtektsforsøk dei siste åra. Høgskulerektoren meiner det no må gjerast noko for at omdømmet til Sogndal ikkje skal bli

- Omdømet til Sogndal som studiestad er noko både me og dei andre skulane i Sogndal må ta på alvor, seier Thaule.

Også folkehøgskulen slit

Symptoma på at noko ikkje er slik det bør vere, ser dei også ved Sogndal folkehøgskule, skulen som Hedda Karterudseter gjekk på då ho i oktober 2004 vart myrda på sin eigen hybel.

Rektor May Evy Bakken kan fortelle at søkjartala så langt i år er katastrofalt dårlege.

- Vanlegvis har me fylt opp den største delen av elevgruppa før 1. mai, men no er me berre halvvegs, seier Bakken.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå