Lat oss byrje med det positive.
Ifølgje undersøkinga trivst studentane godt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, ikkje minst med studentmiljøet. Det er lite einsemd, studentane er aktive og har stort sett god helse.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Alt det der verkar å vere på plass. Det som er utfordringa, på same måte som i resten av landet, er knytt til psykisk helse, seier Truls Nedregård frå NTS Gallup.
Kvar femte student slit med psyken
I dag var han i Sogndal for å presentere resultata av ei stor spørjeundersøking som tek for seg helse og trivsel blant landets studentar.
Den viser at kvar femte student slit med alvorlege psykiske plager. Det er dobbelt så mange som i resten av befolkninga i same alder. Og andelen er dobbelt så høg blant kvinner som menn.
Nedregård trur stort prestasjonspress kan forklare mykje av den dystre statistikken.
– Studentane møter ein masse krav og blir kontinuerleg evaluerte. Det bidreg til at desse plagene er større hos studentar, enn hos andre unge, seier han.
LES OGSÅ:
– Kvar kjem prestasjonspresset frå?
– Eg føler at unge menneske i aukande grad set urealistisk høge krav til seg sjølve, særleg gjeld dette blant kvinner. Samtidig er det sjølvsagt nokre mekanismar i storsamfunnet som er med å påverke. Det som kan definerast som normalt blir smalare og smalare, og det blir eit problem for desse unge menneska, seier han.
Nedregård fortel at dei psykiske plagene varierer frå generelt dårleg sjølvtillit, til angst og symptom på depresjon.
– Problemet med dette er at studentane ikkje får tatt ut sitt fulle potensial, at evnene til å meistre studiane blir dårlegare enn dei kunne ha vore.
(Artikkelen held fram under biletet)
Studentane set tøffe krav til seg sjølve
Fleire av studentane som var til stades kjente seg att i tala frå spørjeundersøkinga.
– Det er veldig mange forventningar til oss studentar. Kanskje aller mest kva vi krev av oss sjølve og kva vi skal prestere, også utan om skuletida, seier Ingrid Mo Albrigtsen, som studerer eigedomsmekling i Sogndal.
Tollak Mikal Kaldheim trur det er "flink pike"-syndromet som gjer at jentene kjem enno dårlegare ut enn gutane på statistikken.
– Eg ser jo det at damene jobbar jamt over mykje hardare og ofte er dei gjerne flinkare òg. Men dei har vel gjerne ikkje like stor på seg sjølve, seier økonomistudenten.