Hopp til innhold

Studentar frå heile verda søker seg til unik masterutdanning i Sogndal

SOGNDAL (NRK): Studentar frå heile verda valfartar til den unike klimamasteren i Noreg. Frå det første kullet er 60 prosent i relevant jobb.

Torbjørn Selseng

ETTRAKTA: Torbjørn Selseng er ein av studentane på det populære og ettertrakta masterprogrammet Climate Change Management.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dessverre blir dette studiet meir og meir relevant i lang tid framover, seier Stein Joar Hegland, som er programansvarleg for masterprogrammet.

Høgskulen på Vestlandet i Sogndal har dei merka ein auke i interesse for klima. På det tre år gamle masterprogrammet Climate Change Management har dei sju gonger fleire søkjarar enn dei har plass til. No viser det seg at over 60 prosent frå det første kullet har skaffa seg ein relevant jobb.

– Dei tidlegare studentane jobbar blant anna som klimarådgjevarar i både offentleg og privat sektor.

Studentar frå heile verda søkjer seg mot det engelskspråklege masterprogrammet i Sogndal. På studiet er det studentar frå England, Tyskland, India og Skottland. Utdanninga er den einaste av sitt slag i Noreg. I fjor var det kring 150 søkjarar til 20 studieplassar.

– Vi er litt overraska over søkjartala med tanke på at dette er det første studiet av sitt slag i Noreg, seier Hegland.

Stein Joar Hegland

FLEIRE ENN DET ER PLASS TIL: Stein Joar Hegland er programansvarleg for Climate Change Management på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Søkjartalet har eksplodert sidan oppstarten.

Foto: SONDRE DALAKER / NRK

Tidsnaud

Blant studentane på den ettertrakta utdanninga er Torbjørn Selseng. Han lèt seg lokke av eit fag i stadig endring.

– Eg har studert mykje forskjellig før, men tidsnauden og aktualiteten i faget vekka interessa mi. Det kjem ny kunnskap heile vegen, seier Selseng.

Til sommaren er Selseng ferdig med utdanninga. Då har han brukt to år av livet på å lære seg korleis samfunnet kan tilpasse seg eit klima i endring. Masterstudenten har stor tru på at det blir behov for kompetansen.

– Ein skulle tru det var snevert, men vi ser på heile biletet og er tverrfagleg. Klima og klimaendringar kjem til å vere sentralt for alt vi skal drive med i framtida, seier Selseng.

  • I ei tidlegare utgåve av artikkelen stod det at masterutdanninga i Sogndal var den einaste i Norden. Det er den einaste i Noreg, og det er liknande utdanningar i Sverige og Danmark.