Hopp til innhold

Fotballgale studentar analyserte 72 hjørnespark i 15 kampar

To fotballglade studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har i haust brukt fleire timar på å analysera ein stor mengde med hjørnespark.

To fotballglade studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har i haust brukt fleire timar på å analysera ein stor mengde med hjørnespark.

SJÅ VIDEO: FOTBALLNERD: 22 år gamle Martin Sandøy frå Førde har skrive bacheloroppgåve om hjørnesparka til Sogndal. Det har vore eit tidkrevjande arbeid å sjå gjennom alle kampane.

For etter at dei fekk høyra at Sogndal var dårlegast på hjørnespark i Tippeligaen, valde studentane Martin Sandøy og Mats Hess Røtne å skriva bacheloroppgåve om emnet.

Det har resultert i ein imponerande grundig statistikk som kanskje kan hjelpa Sogndal til å skora fleire mål på hjørnespark neste sesong.

– Her er det Sogndal mot Odd på bortebane. Det er eit forsøk på innoverskrudd hjørnespark, der vi ser at ballen kjem på første stolpe. Det er ingen Sogndal-spelarar i nærleiken av ballen, seier Sandøy.

Overraskande resultat

Martin Sandøy syner fram ein video av eit håplaust hjørnespark. Han stoggar videoen der det trengst, peikar på skjermen og forklarar kor dårleg fleire av hjørnesparka til Sogndal Fotball var i årets tippeligasesong.

– Det er veldig mange dårlege hjørnespark. Vi kom fram til eit overraskande resultat. På innoverskrudde hjørnespark, gjekk 17 prosent rett ut utan at dei var borti nokre forsvararar eller angriparar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Martin Sandøy syner fram ein video av eit håplaust hjørnespark.

SJÅ VIDEO: Martin Sandøy syner fram ein video av eit håplaust hjørnespark.

Analyserte 72 hjørnespark

Og Sandøy veit kva han pratar om. For denne hausten har han og studiekameraten Mats Hess Røtne studert og analysert dei 72 hjørnesparka Sogndal hadde på dei 15 første kampane av 2012-sesongen.

72 hjørnespark som for fotballklubben resulterte i berre eit mål, medan det for studentane har resultert i ei noko spesiell bacheloroppgåve.

– Det er viktig å skrive om noko vi interesser oss for. Sidan vi brenn for fotball og er over gjennomsnittet interessert, så ville vi skrive om det. Vi kom fram til at Sogndal hadde skåra minst på hjørnespark i tippeligaen i løpet av dei 15 første kampane.

Mykje statistikk

Dei to studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har gått særs grundig til verks. Alle hjørnesparka er gått gjennom fleire gonger og dei to studentane har plotta inn ein stor mengde med statistikk i eit eige skjema.

– Eg har ikkje nøyaktig tal, men vi er fotballnerder og ser alle Premier League-kampar og mange spanske kampar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Statistikk over hjørnespark

Alt av informasjon er ført inn i skjema.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kan bli til nytte

Ein anna som er godt over snittet interessert i alt som skjer på fotballbana, er assistenttrenar og analyseansvarleg i Sogndal Fotball, Tom Mangersnes. Han har vore rettleiar for studentane, og innrømmer at nokre av funna til Sandøy og Røtne er særs interessante.

– Det er mange ting eg gjerne ikkje har reflektert over. Dei har funne ein del som faktisk er openbart og som vi burde tenkt på.

Vil gi råd til Hopen

Student Martin Sandøy seier dei har funne mykje som er oppsiktsvekkjande.

– Det som er mest oppsiktsvekkjande er Sogndal sine innoverskrudde hjørnespark har ein effektivitet på 18–19 prosent som fører til avslutning, medan utoverskrudde fører til 27 prosent avslutning.

Dermed ville han gitt gode råd til mellom anna Sogndal-spelar Ørjan Hopen.

– Eg ville sagt at han burde slå utoverskrudde hjørnespark i staden for innoverskrudde. Eg ville også bede dei om å finne ei god løysing kor dei burde slå ballen og kor løpa burde komme.

Vil vere med på lagbiletet

Mangersnes i Sogndal Fotball seier det kan vera aktuelt å følgja opp funna i bacheloroppgåva på treningsfeltet.

– All kunnskap vi kan få, kan gi oss fortrinn. Dette er eit av dei områda der vi kan stå sterkt på.

Dersom Sogndal no byrjar å skåre mange mål på hjørnespark neste år, veit kva Sandøy kva han skal gjere.

– Då skal eg vere med på lagbiletet til Sogndal, ler han.