NRK Meny
Normal

Studentane seier nei til samanslåing

Nær ni av 10 studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer ikkje at skulen skal gå i fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Ingrid Moe Albrigtsen

SPURTE STUDENTANE: Ingrid Moe Albrigtsen i Studentparlamentet i Sogn og Fjordane har fått eit klart svar frå medstudentane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Heile 87 prosent av dei spurde seier nei til vidare fusjonssamtalar, viser ei fersk studentundersøking.

– Vi bryr oss om kva som skjer med høgskulen vår, seier leiar ved Studentparlamentet i Sogn og Fjordane, Ingrid Moe Albrigtsen.

Tolkar det som eit klart mandat

724 av høgskulen sine om lag 3800 studentar har svart på undersøkinga.

– Det er veldig godt for meg, som skal representere studentane, at så mange bryr seg i denne saka og har gitt si røyst. Det gjer det mykje enklare for meg å vite kvar vi står, og kvar vi skal setje inn presset, seier parlamentsleiaren.

Albrigtsen og dei andre studenttillitsvalde har lenge gått aktivt ut mot ei eventuell samanslåing med andre høgskular. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer seg færre og større utdannings- og forskingsinstitusjonar, men har møtt motstand i Sogn og Fjordane.

Studentundersøking om høgskulefusjon

RESULTATET: Slik svarte studentane ved HiSF på spørsmålet om fusjonssamtaler.

Foto: Privatfoto

Vekte fusjonsplanane til live att

Den førre styreleiaren ved HiSF, Hedi-Kathrin Osland, la fusjonsballen død, før ho gjekk av. Men prosessen vart i haust sett i gang att av det nye høgskulestyret som ville hente inn nye faktagrunnlag for å gjere seg opp si eiga meining.

– Styreleiar Trond Ueland er flink til å fortelje at studentane er viktige. Eg håpar det viser att i avgjerdene han tek også. Høgskulen i Sogn og Fjordane er driven av studentar. Hadde det ikkje vore for oss, så hadde det ikkje vore noko høgskule, seier Albrigtsen.

Ho meiner høgskulen er rusta til å stå på eigne bein, og er oppteken av at ein må lytte til studentane som brukarar.

– Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort så mykje rett, som gjer at vi kjem tilbake hit år etter år. Eg har inntrykk av at høgskulen og studentane er avhengige av kvarandre, og at vi er viktige i denne saka.

Høgskulen i Sogndal

PÅ EIGNE BEIN: Skal Høgskulen i Sogn og Fjordane i framtida vere ein del av ein større vestlandsskule, eller bør ein halde fram som i dag? Svaret skal vere klart innan sommaren.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styreleiaren lovar å lytte

Den nye studentundersøkinga, der motstanden er større enn i ei tilsvarande undersøking gjort i fjor, gjer inntrykk, forsikrar leiaren i høgskulestyret.

– Det var eit høgt tal, vedgår Trond Ueland.

Han vart fredag orient om resultatet av studentundersøkinga. Overfor NRK laurdag gjentek han at studentane er viktige.

Trond Ueland

FELLES MØTE: Styreleiar Trond Ueland og resten av HiSF-styret møter 3. februar kollegaene ved HiB og Høgskolen Stord/Haugesund for samtalar.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg skryt av studentane. Dei er flinke til å vere proaktive, og har mellom anna godt kontakt med dei andre studentparlamenta. Studentane har heile tida vore nokså kritiske til fusjon. Det er dei framleis tydelege på.

Ueland seier studentane si meining vil bli tatt omsyn til, men samtalane med naboskulane i sør går som planlagt. 3. februar ventar eit felles styreseminar for dei tre høgskulane.

– Så skal vi ha eit styremøte den 4. februar. Då får vi sjå om vi skal gå vidare med drøftingane. I løpet av våren og sommaren bør vi ha fått ei endeleg avklaring, seier styreleiaren.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy