NRK Meny
Normal

Studentane protesterte med KM i nudlar

SOGNDAL (NRK): I dag arrangerte studentane i Sogndal KM i eting av nudlar. Dette gjorde dei i rein protest.

KM i nudlar

PROTEST: Her står nudelskålene klare

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Årsaka er at regjeringa har føreslått å auke studiestøtta med berre 316 kroner i månaden. Det svarar til ein pakke nudlar om dagen. Difor fann studentane i Bergen, Stord, Haugesund og Sogndal ut at eit KM i nudeleting kunne vere ei passeleg form for protest.

Varastyremedlem i studentparlamentet, Adrian Stinessen Haugen, var nøgd med at så mange studentar stilte opp til innleiande runde.

Adrian Stinessen Haugen

AKSJONERER MOT LÅG STUDIESTØTT: Adrian Stinessen Haugen er varastyremedlem i studentparlamentet,

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det viser at studentane engasjerer seg i dette, eventuelt at dei har lyst på gratis mat. Det er sikkert ein del som treng det, etter som det nærmar seg slutten av stipendmånaden. Har du ei husleige på 5000 kroner i månaden har du ikkje mykje å rutte med til mat.

Mange må og ut med depositum i starten av skuleåret, er husleiga 5000 kroner blir det som regel 10.000 kroner. Skal dei kjøpe seg noko til hybelen blir det lite att av stipendet.

– Vi burde ha hatt 30.000 kroner meir i året. Studentane har aldri vore fattigare enn dei er i år sidan Lånekassen vart starta i 1965, seier Stinessen Haugen.

I dag arrangerte studentane i Sogndal KM i eting av nudlar. Dette gjorde dei i rein protest.

Svenske best i innleiande runde

Så var det klar for KM i inntak av nudlar. Kvar deltakar fekk ei skål med 200 gram nudlar, utan saus. Det var valfritt om deltakarane ville ete med gaffel eller pinnar. Det var ikkje lov å løfte skåla

Det var svenske Victor Person som hadde best tid i første runden. Han brukte 26,8 sekund på porsjonen. Det syntest han var overraskande bra. Men han kjende seg likevel ikkje som favoritt i finalen.

– Nei, jag er sjukt kvalm, så jag tror inte jag kommer at gjöra det så bra. Men jag hoppas på det besta.

Dina Mølmen og Ingrid Moe Albrigtsen

VINNAREN: Dina Mølmen til venstre og Ingrid Moe Albrigtsen.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Vinnar med 12 sekund

Så stod skålene med nudlar klare til finaleoppgjeret, med 200 gram til kvar. Adrian Stinessen Haugen ropte ein, to tre, og dermed var inntaket i gang.

– Innsatsen er veldig imponerande, det går veldig fort, kommenterte Haugen.

Vinnaren brukte 12 sekund på å tømme nudelskåla

Og fort gjekk det. Etter 12 sekund var innhaldet i skåla til vinnaren Dina Mølmen borte.

– Strategien var å ha rask hand og rask kjeft, sa ho etter at sigeren var eit faktum.

No skal ho vidare til dyst mot vinnaren i avdelinga av Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde. Vinnaren av det oppgjeret dreg til Bergen, der det blir vestlandsmeisterskap.

Vegopning på Bergum i Førde kommune