NRK Meny
Normal

Kvinne (24) frå Ålesund omkom i bussulukka

Namnet på den norske kvinna som omkom i bussulukka i går er no frigjeve.

Bussulukke i Fardal

OMKOM: Ei 24 år gamle kvinna frå Ålesund og ei 26 år gamal kvinne frå Taiwan omkom i ulukka.

Foto: Anders Veberg / NRK

Det var 24 år gamle Karoline Eidslott Svinø frå Ålesund som omkom då to bussar, ein norsk og ein utanlandsk kolliderte på riksveg 55 i Fardal.

Ho sat i den norske bussen. Også ei kvinne på 26 år frå Taiwan omkom i ulukka.

Ifølgje Sogn Avis hadde jenta sommarjobb ved Statens vegvesen. Ho var på veg til Sogndal etter at arbeidsdagen var over, då dei to bussane kolliderte.

– Vi vart varsla om ulukka i går og fekk beskjed om at Karoline var omkomen. Det gjer sjølvsagt eit djupt inntrykk på oss at ein av kollegaene våre vert ramma på denne brutale måten, seier regionvegsjef Helge Eidsnes til Sogn Avis.


Vegopning på Bergum i Førde kommune