Hopp til innhold

Alexander klarte verdsrekord i futsal

Stryningen Alexander Gjørven (24) er sliten, men nøgd. Klokka 11.00 søndag var det klart at han og medspelarane i futsal hadde klart å halde det gåande på fotballbana i 40 timar.

Alexander Gjørven

GODT KVA SOM ER GJORT: Endeleg er Alexander Gjørven i Guinness Rekordbok.

– Eg har så vondt som eg aldri har hatt før. Men eg angrar ikkje eitt sekund. Men eg kjem heller aldri til å gjere noko slikt igjen, seier den slitne 24-åringen.

Han var ein av tre heldige som fekk publikumsplassane på futsal-laget som sette ny verdsrekord.

Kampen starta på fredag, og då det vart blese for ferdig kamp søndag føremiddag, hadde dei halde ut tre timar lengre enn førre rekordhaldar. Den kampen vart spelt i Japan i fjor.

Vart ein del skadar

Futsal er ein form for fotball som blir spelt på ei handballbane. Ballen dei brukar er mindre enn ein vanleg fotball og har også ein litt anna sprett. Det er fem spelarar på kvart lag, ein keeper og fire utespelarar. Det er om å gjere å skåre flest mål i løpet av kampen.

Men Gjørven legg ikkje skjul på at det har kosta. I alt var 24 mann med på verdsrekordforsøket. Planen var å spele på skift med ymse intervall.

Men som det som ofte skjer i utagerande idrett, så vert det skadar. Og då vart det langt mindre kvile på resten av mannskapet.

Iallfall spelt 18 timar

Han trur sjølv at han minst har spelt 18 timar. Eine internallet var på nær tre timar.

– Det var tøffe saker, og dess trøyttare du vert, dess verre vert det, seier Gjørven.

Mannen, som studerar til lektor i geografi, prøvde å vere nøye på å ta til seg næring, men det heldt berre i starten.

– Eg prøvde å få i meg proteinshake etter kvar økt, samt brødmat og andre trege karbohydratar. Men til slutt så blir ein så sliten at ein nesten ikkje har lyst på noko, seier Gjørven.

Brukte bøttevis med Tigerbalsam

For å halde koken i 40 timar måtte det også smørjing til. På utsida.

– Det gjekk hardt ut over Tigerbalsamen. Eg måtte smørje meg undervegs også. Det var heilt ekstremt, seier Gjørven, og presiserer at han ikkje angrar eitt sekund på at han vart med.

– Heile prosessen var heilt fantastisk. Det var kjempegod stemning heile tida. Men siste perioden stod eg i mål. Då var eg så trøytt at eg berre hang etter tverrliggjaren i målet, seier Gjørven.

I tillegg til studeringa, jobbar han litt som gymlærar. Men denne veka kjem gymlæraren til å ta det med ro.

– Denne veka trur eg det meste av undervisninga blir frå tjukkassen i gymsalen. Då får elevane komme til meg. Eg skal røre meg minst mogleg, seier Gjørven.