Hopp til innhold

Stryning debuterte som målvakt

Kjell Petter Opheim debuterte i 1. divisjon fotball som målvakt for Manglerud Star då Oslo-laget spelte uavgjort 2-2 mot Hønefoss i seriepremieren søndag.

Stryningen er godt nøgd med 1. divisjonsdebuten.

- Vi følte oss litt snytt fordi begge måla til Hønefoss var veldig billege. Dei fekk ein billeg straffe og så fekk dei eit heldig frispark på 16-meteren. Utanom dette var eg stort sett utan arbeid i løpet av kampen. Det var deilig å få eit poeng, men vi burde fått alle tre, seier han. 

Tredje sesong

Kjell Petter Opheim er no i gang med sin tredje sesong i Manglerud Star, eller Oslo Øst, som var namnet då laget som for to år sidan spelte i same avdeling som Jotun i 2. divisjon. Manglerud Star mønstrar eit svært ungt og mannskap og målsetjinga er å halde plassen i førstedivisjon.

Håper på skadefri sesong

Stryningen som for tre år sidan var i søkelyset til Lyn har vore mykje skada dei siste åra håper no på ein skadefri sesong.

- Eg har vore uheldig etter at eg kom til Oslo. Men no når eg spelar i 1. divisjon får eg nok sjansar til å vise meg fram, berre eg held meg skadefri, seier han.