Hopp til innhold

Strynefjellstunnelane får frist

80 millionar kroner må på bordet for at Strynefjellstunnelane skal verta trygge.

Tunnel
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Om ikkje tryggleiken i Strynefjellstunnelane er blitt betre då Kvivsvegen opnar i 2012 bør ein vurdere å stengje tunnelane.

Det meiner både brannsjefen i Stryn og vegvesenet i fylket.

Tryggleiken i tunnelane er svært dårleg, noko brannsjef Jarle Dragesæt har åtvara om i ti år.

– Tunnelane er så smale og låge at sjansane er store for at det vil bli svært alvorleg når ulukka først skjer, fortel Dragesæt

Fryktar fleire ulukker

Når Kvivsvegen opnar i 2012, vil trafikken over Strynefjellet truleg auke.

– Eg ser på det med skrekk og gru. Det er jo nesten ikkje plass for vogntog å passere inne i tunnelane, seier brannsjefen.

Dersom ingenting blir gjort vil brannsjefen vurdere å stengje vegen over fjellet.

Treng 80 millionar

Vegvesenet i fylket har ikkje pengar til å setje i verk tiltak for å betre tryggleiken.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde seier dei har bedt Vegdirektoratet om midlar, men at dei framleis ventar på svar.

– Dei strakstiltaka me har sett opp har ei kostnadsramme på mellom 60 og 80 millionar kroner.

Ifølgje Slinde er det betre kommunikasjon, ventilasjon og vassikring som hastar mest.

– Me er samde med brannsjefen om at dette er ei hastesak, seier Slinde.

– Går ikkje an


Ordføraren i Stryn kommune er forskrekka over utspelet frå brannsjefen om å stengje Strynefjellstunnelane.

– Det var eit veldig dramatisk utspel frå brannsjefen, seier Nils P. Støyva (Ap)

Ordføraren påpeiker at det er snakk om ein stamveg i landet og eit viktig samband mellom Nordfjord, Søre Sunnmøre og Austlandet.

– Å stenga vegen over Strynefjellet går rett og slett ikkje an, held Støyva fram.

Har dialog

Han forsikrar om at det blir jobba godt frå Stryn kommune og Statens Vegvesen i Sogn og Fjordane opp mot samferdselsdepartementet og vegdirektoratet for å få fram midlar til strakstiltak på Strynefjellet.

Trass i dagens kritiske situasjon, er Støyva ved godt mot.

– Eg har veldig god tru på at dette skal la seg ordne.