Tidlegare har riksveg 15 over Strynefjellet blitt stengt dersom det har vore meir enn 50 prosent sjanse for at det ville gå snøskred i området. Etter fleire store snøskred og nestenulukker, mellom anna i 2002, har vegvesenet vurdert rutinane for stenging av vegen på nytt. No blir vegen bli stengt dersom det er meir enn 20 prosent sjanse for at det vil gå skred i området.
Grasdalen mest utsett
Strekninga i Grasdalen er spesielt utsett for skred, og i følgje Sunnmørsposten går det ofte 3-4 snøskred på denne strekninga kvart år. Kristensen meiner vegen aldri ville blitt bygd gjennom dette området i dag.
Transportnæringa misnøgd
Leiar i Norges Lastebileigarforbund avdeling Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, har ikkje mykje til overs for den nye grensa. Han seier transportnæringa er avhengig av vegen, og at alternativa ikkje er noko betre. Han meiner styresmaktene må løyve meir pengar til skredoverbygg i Grasdalen, der hovudproblemet er.