Strynefjellet opna

Riksveg 15 over Strynefjellet er no opna for trafikk. Vegen har vore stengd på grunn av skred og skredfare sidan i natt. Også fylkesveg 724 mellom Briksdal og Olden er open for fri ferdsel. Denne vegen har vore stengd på grunn av rasfare. Fylkesveg 723 er no stengd på grunn av fare for skred mellom Bødal og Hogrenning i Stryn.