Designer Simen Staalnacke i strynebedrifta Moods of Norway har absolutt tru på at konseptet med mannekosmetikk vil slå an, også i vår testosterontunge del av landet. For kosmetikk for menn er ein trend i tida, om du bur i Stryn, Stockholm eller Stavanger, meiner Staalnacke.
Etter kvart lanserer verksemda sminke for menn. (Illustrasjonsfoto: Torje Bjellaas, NRK)
Herresminke kjem
Første del av kolleksjonen, som blir lansert 15. november, vil bestå av ein litt forsiktig introduksjon. I starten dreier det seg om kremar og renseprodukt, men ifølgje gründer og designar Simen Staalnacke blir det etter kvart også snakk om herre-sminke.
Bunadsinpirasjon
På mindre enn to år har Simen Staalnacke etablert eit merke som er å finne i klesbutikkar mange stader i verda.
Penelope Cruz. (Foto: Etienne George)
Jakke frå Moods of Norway. (Foto: NRK)
Det starta med bunadsinspirerte dressar, og ein av desse fekk brei marknadsføring med musikkvideoen til ein nordmann som vel kan seiast å vere i kontakt med sine feminine sider, Morten Abel.
Kvinneklede
I tillegg til den maskuline kosmetikk-kolleksjonen, lanserer Moods of Norway for første gong også kvinnekle denne hausten. Skodespelaren Penélope Cruz er blant dei som vil ta i bruk toppane og gensarane til verksemda.