NRK Meny
Normal

Stryn: To bygder isolerte og vassforsyninga til sjukeheim kutta

Uveret og høg vasstand i Stryn gjer at to bygder er isolerte og vassforsyninga til innbyggjarane og sjukeheimen i Innvik er kutta.

Stryn flaum

EKSTREMT HØG VASSTAND: Dette er frå fv 60 ved Utvik, men alle elvane er høge, seier ordføraren.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi har og ei stor skade på vassverket i Innvik, som forsyner både sjukeheimen og bønder i området. Det mest kritiske er sjukeheimen, seier ordføraren i Stryn, Sven Flo.

Ordføraren seier det er ekstremt mykje regn og ekstremt høg vasstand på alle elvane i kommunen. Dei har kontakt med folk som er på vakt på sjukeheimen, og sørgar for at vatnet kjem fram.

– Vi har vassdistribusjon med eigen tankbil i Stryn, i tillegg til ein ekstra tankbil frå Hornindal. Dei køyrer skytteltrafikk, seier Flo.

Brannberedskapen er auka grunna manglande vatn. Drikkevatn må kokast.

– Innbyggjarane som treng vatn kan møte på Vikane omsorgssenter og hente vatn frå tankbilar, seier ordføraren.

To bygder isolerte

– Vegane til både Oldedalen og Lodalen er stengde og blir ikkje opna før tidlegast i morgon. Begge bygdene er isolerte, seier ordførar Sven Flo (H).

Kommunen har etablert kriseteam i ettermiddag, og sete i kriseleiing sidan klokka 14. Han seier dei har vore i jamleg kontakt med folk i dei isolerte bygdene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn fv 60

RAS: Delar av vegskuldra langs den smale Fv. 60 mellom Olden og Innvik rasa ut i fjorden. Autovernet heng i lause lufta.

Foto: Jogeir Agjeld

– Vi har båtar i beredskap for eventuell evakuering i samband med sjukdom eller anna. Vi er tilgjengelege 24 timar i døgeret for folk som treng hjelp eller assistanse, seier Flo.

Folk kan ringe rådmann Per Kristian Storevik på 915 85 232 eller ordførar Sven Flo 955 29 337.

Mange stengde vegar

Fylkesveg 723 til Lodalen er stengd ved Raudibrua, Fylkesveg 724 til Oldedalen er stengd. Det same er Fylkesveg 720 Hjellestranda.

– Fylkesveg 60 mellom Innvik og Utvik er framleis stengd, men vi vil vurdere opning i løpet av kvelden eller natta, seier Flo.

Stryn

MYKJE VATN: Det gjekk hardt ut over fleire gardsvegar og private vegar, etter at elveløpa gjekk fulle og vatnet fann seg nye løp.

Foto: Jogeir Agjeld
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast