NRK Meny
Normal

STRYN: Stor framgang for Flo og Høgre

Ordførar Sven Flo (H) kan gle seg over god framgang ved kommunevalet i Stryn.

Sven Flo m.fl

HØGREKAKE: Sven Flo feirar valresultatet i Stryn saman med frå v. Grete Håheim, Sonja Øvre-Flo og Aud Løvlid.

Foto: privat

Vallogo

Høgre går fram 7,3 prosentpoeng til 39,2 prosnt av røystene og to kommunestyrerepresentantar fleire enn førre periode. Dette er situasjonen når dei aller fleste røystene er talde opp. Dersom det ikkje endar seg mykje, vil Høgre få ti av 25 medlemmer i det nye kommunestyret.

Den største utfordraren, Senterpartiet og Per Atle Kjøllesdal går tilbake 2,4 til 26,1 prosent og blir ståande med dei sju mandata partiet har i dag.

Arbeidarpartiet (tilbake 4,8 til 12,9) og Framstegspartiet (tilbake 3,4 til 3,8) er dei to partia som må avgje kvart sitt mandat til Høgre.

– Over all forventning

Ordførar Sven Flo er sjølvsagt nøgd med resultatet for Høgre.

– Det er over all forventning.

No startar forhandlingane om verva, og Flo ser det som naturleg at dei først snakkar med dei partia dei har hatt samarbeid med i inneverande periode.

– Vi går først til Arbeidarpartiet og Venstre, men vi er opne også for andre konstellasjonar.

Låg valdeltaking

Det som har overraska Flo negativt ved valet er den låge valdeltakinga, under 60 prosent.

– Eg kunne ha tenkt meg at fleire nytta røysteretten. Kva som gjer at så få har gått til urnene må vi sjå nærare på. Det kan hende at det at vi har jobba så godt saman i politikken i Stryn siste fire åra, utan store kontroversar, har spelt inn.

I Stryn er det og eit stort innslag av arbeidsinnvandrarar, og Flo kunne godt ha tenkt seg å vite meir om kor mange av dei som har røysta.

Her finn du valresultata for Stryn.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.