Hopp til innhold

Stryn vinterski får støtte

Stryn vinterski vil bruke 2,5 millionar kroner på å forlenge skisesongen i begge endar, skriv Fjordingen. Pengane fekk dei nyleg frå Stryn kommune, som eit ekstraordinært tilskot. Dei skal gå til mellom anna anlegg for snøproduksjon, som skal vere klart til komande sesong.