NRK Meny
Normal

Stryn er klare for landsfinalen i Klassequizen

Etter mange månadar med Klassequizen har 36 skular blitt til ein. Stryn ungdomsskule skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen.

36 tiandeklassar har vorte til 4. Tysdag blei det avgjort som er den aller smartaste tiandeklassen i Sogn og Fjordane.

– Det kom som et stort sjokk på oss då vi vann! Vi har sett på oss sjølve som underdogs, sa Rasmus Tvinnereim.

Pulsen vart nok høg for både deltakarane og alle som såg på Klassequizen i dag. Alle duellane var jamne, både i semifinalane og finalen.

Det blei oss, vi vann!

Kristin Flo Kandal

Kristin Flo Kandal er i telefonen nokre minutt etter at finalen er avslutta. Det er tre glade og overraska tiandeklassingar som no skal vidare til landsfinalen i Oslo.

Tredjemann på laget har allereie begynt å sjå framover.

– No må vi vel følge ekstra med på nyheitene for å vere klare til landsfinalen, seier Jakob Bø.

Høg dramatikk i andre semifinale

Det såg lenge ut til å bli ikkje berre ei, men to ekstrarundar i semifinalen mellom Stryn og Eid. Begge laga svarte heilt likt, men meddommarane måtte inn og påpeike at Eid ikkje hadde skrive ned det fulle namnet til den svenske kongen, Carl Gustav.

Stryn gjekk vidare frå semifinalen, og vann etter kvart finalen mot Kvåle.

Stryn ungdomsskule vann klassequizen

FULL JUBEL: Gleda var lett å spore hos vinnarlaget frå Stryn. Kristin Flo Kandal, Rasmus Tvinnereim og Jakob Bø kunne juble for seier etter hard kamp i finalen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Lang veg til finalen

Quizgeneral Aleksander Åsnes har besøkt skular kvar veke sidan starten av året. Det har vore lange køyreturar, mange spørsmål og besøk på heile 36 skular.

Aleksander Åsnes

IMPONERT: Quizgeneral Aleksander Åsnes seier nivået har vore høgt i heile fylket, og er imponert over kunnskapen til elevane.

– Det har vore veldig kjekt. Eg har faktisk besøkt fleire plassar i fylket som eg ikkje har vore på før.

Åsnes er heilt trygg på laget han no sender vidare til landsfinalen, 13. mai i Oslo.

– Eg hadde vore trygg på å sende alle desse fire laga til finalen i Oslo. Men Stryn som vant fylkesfinalen i dag, kjem til å gjere Sogn og Fjordane stolte.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.