Hopp til innhold

Stryn valsa over Fjøra

Stryn er framleis utan poengtap etter 4-0 heime over Fjøra.

Pål Holko (Stryn).

Pål Holko serverte broren Christian pasninga som gav Stryn 1-0. Arkivfoto.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter 24 minutt sette Christian Holko inn 1-0 for heimelaget.

Pasning frå broren

Han sette inn ballen etter fin pasning frå bror sin, Pål Holko.

Åtte minutt tidlegare hadde Stryn ein ball i stolpen.

Nummer to av Holko

Men i det 43. minutt vart Christian Holko tomålsskårar, og Stryn leia fortent 2-0 ved pause.

To kjappe rett etter pause

Og fire minutt ut i andre omgang sette Petur Heidar Kristjansson inn 3-0. Same mannen sette i det sjuande minutt inn 4-0 på straffespark. Det vart og sluttresultatet, for Fjøra greidde ikkje på nokon måte å truge serieleiaren.

Klart i teten

Etter ein ny klar siger er Stryn oppe i 12 poeng på fire kampar og med ein målskilnad på 18-3. Dei to næraste laga, Tornado Måløy og Sogndal 2, har sju poeng på tre kampar, og desse to laga møtest i Sogndal onsdag 13. mai.

Dei andre kampane i den fjerde serierunden blir spela laurdag. Det er Florø-Høyang, Jølster-Førde, Kaupanger-Eid og Vik-Årdal.