Hopp til innhold

Stryn tapte med ti spelarar

Stryn fekk spelande trenar Jon Terje Tjellaug utvist før pause, men såg lenge ut til å vinne.

SJÅ: Her kan du følgje 3. divisjon

Gjestene frå Kaupanger snudde kampen på overtid og tok sine første poeng for sesongen.

Stryn - Kaupanger 3-4 (1-0)

Stryn stadion

Kampen er i gang

Etter ein halvtime er det framleis mållaust i Stryn.

1-0 Frank Hool, 34 min. Retur etter frispark frå Jon Terje Tjellaug som Hool puttar i mål frå kort hald.

44 min. RAUDT KORT: Hallgeir Sandal (Kaupanger) og Jon Terje Tjellaug i duell om ballen. Tjellhaug blir trakka på og reiser seg opp og dyttar til Sandal. Olav Strømsøy viser Sandal det gule korte, medan spelande trenar på Stryn må ta tidleg dusj.

Pause - Heimelaget leiar 1-0 til pause. I tillegg til scoringa har begge lag hatt kvar sine store sjansar. Stryn mellom anna med eit skot i stanga og Kaupanger åleine med keeper.

Andre omgang er i gang att.

1-1 Kristian Fardal Opseth, 47 min. Klabb og babb på 16 meteren. Ungguten skyt og ballen går via ein annan spelar og får ei fin bue der den skrur seg rundt keeperen og i mål.

2-1 Rune Myklebust, 49 min. Stryn får frispark som Mathias Eikenes tek seg av. Det blir retur som Myklebust set i mål.

2-2 Bjarte Vatlestad, 66 min.

3-2 Asbjørn Tenden, 80 min. Innlegg frå Geir Hool Egge som Tenden beinar inn.

3-3 Jan Runar Trandal, 90 min. Headar inn corner frå Vidar Hille.

3-4 Kristian Fardal Opseth, 92 min. Skyt frå 16 meter. Ballen går i nettmaskene ved lengste hjørne. Dramatikken er komplett på Stryn stadion.

Slutt - Stryn klarte seg bra med berre ti mann på bana og såg lenge ut til å dra i land sigeren. Grøntrøyene frå Sogn ville det annleis og henta noko overaskande heim sesongens første siger på overtid.

LES OGSÅ: - DET VAR BERRE DUMT AV MEG