Stryn fekk ein straffe mot seg i 1. omgang, og med det skåra Kenneth Dokken det einaste målet i kampen på Briskeby grasbane på Hamar.
Eit godt utgangspunkt
Stryn-trenar Dagmund Evebø seier Stryn spelte ein god kamp mot eit lag som for det meste bestod av tippeligaspelarar. Sjølv om Stryn ikkje greidde å få inn mål på Briskeby, meiner Evebø at Stryn har eit godt utgangspunktet framfor returkampen heime neste laurdag.
Opplevinga viktig
Stryn må skåre iallfall to mål i heimekampen for å rykke opp til 2. divisjon. Det trur trenaren dei kan greie, men han er først og fremst oppteken av at kvalifiseringskampen på Stryn stadion skal vere ei stor oppleving for spelarane og publikum.