Papirrot og misforståingar gjorde til at Stryn ved kampstart måtte bruke eigen utespelar i mål, seier trenar Dagmund Evebø.
Skulle låne keeper
Sidan den faste keeperen også skal få sin ferie, byrja Stryn allereie i juli å prøve å finne keepererstatning. Dei fekk tysdag i førre veke ein avtale med Hornindal om å låne Kristoffer Grodås. Men grunna papirrot og misforståingar med fotballkrinsen vart Grodås likevel ikkje klar til seriekampen fredag. Og trenar Dagmund Evebø plasserer skulda i eigne rekker.
Nøgd med innsatsen
Og den som måtte ut i elden som reservekeeper var utespelaren Kristian Hol Egge. Trenar Dagmund Evebø var nøgd med innsatsen til Hol Egge, men seier han ikkje toler ein slik runde til.
Stryn vann kampen mot Tornado Måløy 6-4 på Refvik stadion.