Hopp til innhold

Tapte rettssak - skal drøfte framtida til sommarskisenteret

Stryn sommarski Eigedom må ut med vel 350.000 kroner etter å ha tapt ei rettssak i Fjordane tingrett. Saksøkjaren er dei tidlegare eigarane av sommarskisenteret som kravde betaling for driftsmiddel og inventar.

Stryn Sommerski

STRYN SOMMARSKI: Denne veka skal Stryn Sommarski Eigedom ha styremøte der dei skal drøfte framtida til anlegget.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Stryn Sommarski Eigedom har no fått ei stor ekstrarekning på toppen av ein dårleg sesong for anlegget. Styreleiar Ola Flo vil ikkje la seg intervjue om saka, men seier til NRK at likviditeten er dårleg.

Denne veka vil dei ha styremøte der dei skal ta stilling til dommen, ei eventuell anke, og drøfte framtida til sommarskisenteret.

Usemje om driftsmidlar og inventar

Stryn Sommarski Eigedom som eig Stryn sommarskisenter tapte rettssaka i Fjordane tingrett, og må no punge ut med til saman nær 350.000 kroner inkludert motparten sine advokatutgifter.

Motparten Pop Norge AS er eit selskap eigd av familien Skibenes på Nordfjordeid, Konrad Skibenes er styreleiar og Hans Rasmus Skibenes er dagleg leiar.

Familien eigde Stryn sommarskisenter og Folven Camping fram til dei selde våren 2010. I kjøpsavtalen vart kjøpar og seljar samde om å komme nærmare til semje om eit eige vederlag for driftsmiddel og inventar etter sesongen.

Ville ha over 1.000.000 kroner

Forhandlingar og eit tilbod om vederlag frå Stryn Sommarski Eigedom på 47.900 kroner førte ikkje fram. Saka har tidlegare vore oppe i forliksråd utan at partane vart samde.

I vinter stemna Pop Norge Stryn sommarski Eigedom for Fjordane tingrett, og la ned påstand om betaling på inntil kroner 1.032,147,28 kroner. Motparten la ned påstand om frifinning.

Eigendelane og investeringane er knytt til Folven Camping, som Stryn Sommarski Eigedom kjøpte som ein del av handelen, og seinare vidareselde.

Retten har etter ei skjønnsmessig vurdering bestemt at verdien skal fastsetjast til 250 000 kroner inkludert meirverdiavgift. I tillegg må Stryn sommarski Eigedom betale 99689 kroner i motparten sine advokatutgifter.