NRK Meny
Normal

Stryn snudde 0-2 til 3-2

På to kampar mot Fjøra har islendingen Petur Kristjansson scora fem mål for Stryn.

Fjøra-spelar Arild Underdal og trenar Jan Rune Årøy.

Arild Underdal og Fjøra var revansjelystne etter 0-4 i vår, men det vart berre nesten i returmøtet. Arkivfoto.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Islendingen scora to mål Stryn utklassa fjørene 4-0 i vår . Fredag kveld banka han inn ekte hattrick då returkampen enda 3-2 i favør av nordfjordingane.

- Han scora tre flotte mål i dag og viser at han er ein klassespiss når han er på hugget. I dag var han god gjennom heile kampen, men det offensive var ikkje godt nok til at han kunne briljere, seier trenar Johann Sigurdsson om 26-åringen frå sagaøya.

Snudde kampen

Men det var heimelaget som scora det første målet. Frode Kvam gav fjørene håp om revansje frå i vår då han utnytta ein glipp i stryneforsvaret og sende Fjøra i leiinga med 1-0 etter 25 minutt. Dette håpet vart styrka då jølstringen Arild Underdal dobla leiinga i det 62. minutt. Så starta "show Kristjansson".

- Når vi ligger under 0-2, så hadde eg ikkje veldig tru på at vi skulle klare det. Vi var bra defensivt, men produserte lite offensivt. Så fekk vi 1-2 og trua på at det kunne gå og kort tid etter kom 2-2, fortel Sigurdsson.

Ekte hattrick

På ti minutt snudde spissen kampen til gjestene sin fordel. Det gjorde det ikkje noko betre for heimelaget då keeper Daniel Kvåle vart sendt i garderoben med direkte raudt kort etter ei hard takling. I dramatiske sluttminutt spelte Fjøra seg til fleire sjansar, utan å lukkast med å få nettkjenning. Sigurdsson vedgår at dei var heldige.

- Vi er dyktige i dag. Kampen kunne vippa begge vegar. Fjøra hadde også nokre store sjansar mot slutten, seier Sigurdsson og rosar spelarane for det kollektive arbeidet.

- Viktig brikke

Kristjansson er no oppe i ni scoringar, og er toppscorar for Stryn. Fem av dei har altså kome mot Fjøra.

- Petur er ei viktig brikke i det offensive. Han er flink til å halde på ballen slik at vi får flytta laget oppover. Når det er sagt, så er det andre spelarar som er like viktige i det spelet. Han er også ein god avsluttar, seier Sigurdsson.

Kvar sin ende

Dermed klatra Stryn til 3. plass på tabellen med 27 poeng. Det er like mange poeng som Årdal, og fire poeng mindre enn serieleiar Tornado Måløy. Førde er nummer to med 29 poeng.

Fjøra på si side må innsjå at dei framleis har ein veg å gå for å unngå nedrykk. Laget er nummer åtte med 14. poeng. Det er berre fire poeng ned til tabelljumbo Vik på 12. plass.

Resten av 15. serierunde ser slik ut:

Laurdag kl. 16

Eid - Kaupanger

Årdal - Vik

Høyang - Florø

Førde - Jølster

Måndag kl. 19

TMFK - Sogndal 2

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå