Hopp til innhold

Slik jubla jentene for sjokkerande siger

STRYN (NRK): Stryn synte ingen respekt for seriefavorittane frå Førde, og stakk av med sigeren med minst mogleg margin i opningskampen i 2. divisjon.

Stryn vann første kampen i 2. divisjon

SLAPP JUBELEN LAUS: Strynedamene var uvanleg godt nøgde etter sigeren mot Førde søndag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

2. divisjon, handball damer: Stryn – Førde 29–28

Strynedamene hadde all grunn til å juble etter kampen, og leiar Eli Kroken i Stryn Handball var ei svært nøgd dame då sigeren mot erkerival Førde var eit faktum.

– I tilsvarande kamp i fjor tapte vi stort, så dette var i grunnen ganske uventa. Eg hadde rekna med at vi kom til å tape, og så vinn vi med eitt mål, så det er jo heilt fantastisk, seier Kroken til NRK.

To lag i 2. divisjon

Stryn er den einaste klubben i Sogn og Fjordane som har lag i 2. divisjon både for damer og herrar i år, og dermed er tyngdepunktet for handballen i fylket flytta nordover.

– Vi vart jo dømd nord og ned førre sesong, og det var ingen som hadde rekna med at vi kom til å overleve. Eg trur nok vi kan seie at dei skal nok få litt vanskar med oss dei som kjem og møter oss på heimebane, seier Eli Kroken om damene sin innsats.

Herrelaget møtte Åsane i dag. Dei måtte innsjå at gjestene frå Bergen blei for sterke. Åsane vann 23-14 etter ein svært målfattig førsteomgang der det stod 7-4 til bergensarane ved pause. Men damelaget sin siger mot Førde var det ingenting å seie noko på.

Claudia Correira Stryn handball

TOPPSKÅRAR: Claudia Correia har spelt på det portugisiske landslaget. I dag var ho suveren på bana for Stryn mot Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Portugisisk topphjelp

Mykje skuldast innsatsen til Stryn sine nye spelarar, Ana Patricia Correia og Claudia Correia. Dei to portugisarane herja med sunnfjordingane, og Claudia blei toppskårar med sine 13 mål i kampen mot Førde. Claudia har også vore innom det portugisiske landslaget.

Trenar Gunnar Sigurdsson var nesten mållaus etter sigeren.

– Dette hadde eg faktisk ikkje trudd på førehand. Førde leia med fire mål til pause, og dei var kanskje litt for sikre på sigeren. Men vi sette inn seks mål i dei første minutta av andre omgang utan at dei kvitterte, og dermed vart dei stressa.

Trass i at dei nedkjempa ein av seriefavborittane tek ikkje Sigurdsson av.

– Målsettinga vår er framleis å bli blant dei sju beste i 2. divisjon, med andre ord at vi sikrar plassen. Og noko av det viktigaste er at desse portuigisiske spelarane inspirerer dei lokale jentene til å bli gode.

Leiar Eli Kroken i Stryn handball var svært glad for sigeren mot opprykkskandidat Førde, men noko snakk om opprykk for Stryn sin del vil ho ikkje høyre snakk om.

– He he! Vi kan ikkje ha nokon ambisjonar om å rykke opp i 1. divisjon, det ville vore heilt vilt. Eg trur vi får halde oss i 2. divisjon, seier ho og gliser.

Eli Kroken Stryn handball

SVÆRT NØGD: Eli Kroken står på for handballen i Stryn. I dag kunne ho konstatere at alt gjekk damelaget sin veg mot Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Har høge ambisjonar

Førdetrenar Kristin Gudmundsson var alt anna enn nøgd etter eittmålstapet mot Stryn, og han lovar at Førde-damene skal kome sterkt tilbake.

– Vi har framleis ambisjonar om å vere det laget som vinn 2. divisjon i region vest. Men ein må respektere alle lag ein møter. Vi må jobbe oss ut av det vi opplevde i dag. Stryn er eit flott lag, og det var ingen skam å tape for dei i dag, seier Gudmundsson.