NRK Meny
Normal

Stryn-ordførar skuffa etter Hornindal-nei

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn hadde håpa at Hornindal skulle velje å slå seg saman med dei. I staden valde kommunen i går Volda og Sunnmøre.

Sven Flo

TRIST: Sven Flo hadde håpa på ei samanslåing med Hornindal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Hornindal hadde to reelle val. Eg er trist og litt skuffa over at dei fall ned på det valet. Eg hadde håpa at dei skulle sjå til Stryn, seier Flo. Han meiner at dei gav Hornindal eit godt tilbod om samanslåing.

– Vi meiner at vi er attraktive, og vi har hatt ein god dialog heilt opp til det siste. Vi har fokusert veldig på det vi har på tilbodssida. Men tydelegvis har ikkje det vore godt nok.

Fryktar tenester forsvinn frå fylket

Hornindal forlèt altså Nordfjord og Sogn og Fjordane, til fordel for Sunnmøre. Det var ikkje det utfallet Sven Flo hadde ønska seg. Og no trur han det kan få konsekvensar.

– Eg ser for meg at fleire og fleire funksjonar som vi har i Nordfjord i dag blir kopla frå, og blir kopla på Volda og Sunnmøre. Dette vil nok vere ein prosess fram mot 2020 slik eg ser det, fortel Flo.

Avrøysting i Hornindal

SA NEI TIL STRYN: Kommunestyret i Hornindal vedtok å slå seg saman med Volda.

Foto: Asgeir Heumdal Reksnes / NRK

Han fortel at dei samarbeidsprosjekta som allereie eksisterer mellom kommunegrensene, no truleg forsvinn.

– Vi har ein del interkommunale samarbeidsløysingar i dag i Nordfjord, innanfor helse og andre område. Hornindal har ein del koplingar til Stryn, vi har tenester vi er saman om. Dei vil bli vurderte framover, men mi analyse er at dei vil bli kopla frå Sogn og Fjordane.

Vil vurdere andre kommunar

Sven Flo og Stryn står no på berr bakke. For Hornindal sitt nei gjer at dei førebels ikkje har nokon samarbeidspartnar.

– Eg trur det er riktig at Stryn er del av noko større. Det som var interessant i tilbakemeldinga frå innbyggjarane var at eit fleirtal var for ei samanslåing på eit generelt grunnlag. Sånn sett ser vi at det kanskje vil vere naturleg å leite etter andre kandidatar.

Og arbeidet kjem til å starte hos Fylkesmannen i løpet av hausten.

– Vi kjem til å vere ein konstruktiv aktør saman med dei andre Nordfjord-kommunane i tida framover. Eg trur at alle kommunane vil vere i tett dialog med Fylkesmannen, og det er naturleg at vi kjem til å prate saman. Men førebels står vi der vi står, og vi står trygt. Det får vere vårt utgangspunkt inn i ferien, seier Flo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.